Korona ramma læringsmiljøet – fagskulestudentar urolege
Seks av ti fagskulestudentar fryktar at koronapandemien har gått ut over kvaliteten på utdanninga, viser ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tilfredsheita til studentane med studietilbodet er svekt på dei fleste områda, viser ei fersk undersøking av studiekvaliteten som Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) har gjennomført.
I årets Studiebarometer er studentane mellom anna spurde om dei er bekymra for at koronapandemien har gitt dei ei dårlegare utdanning enn det dei elles ville ha fått.
Over 60 prosent svarer ja på spørsmålet. For nokre utdanningsretningar er heile 74 prosent av studentane bekymra for kvaliteten.
Digitale verktøy og medverknad
Ikkje overraskande har koronaen òg ført til at fagskulestudentane er betrakteleg mindre fornøgde med det sosiale og faglege læringsmiljøet enn før pandemien.
Studentane er minst positive til bruk av digitale verktøy og moglegheitene for medverknad.
I periodar har mange fagskular vore nedstengde på grunn av smittesituasjonen, og mange har fått endra undervisningsforma til nettundervisning. Dette ser ut til å ha hatt ein negativ effekt på mellom anna motivasjonen til studentane og det sosiale miljøet på fagskulane, heiter det i rapporten.
Studiebarometeret har vore gjennomført for fagskulestudentar sidan 2018, og årets fagskulebarometer er dermed det fjerde i rekkja.
43 prosent av studentane, eller i underkant av 9.000, har svart på undersøkinga, som omfattar i alt 61 fagskular landet over.