Stor vekst i talet på studentar og tilbod på fagskulane
I 2020 var det nesten 5.000 fleire fagskulestudentar enn året før. Samtidig har det vore ein vekst òg i tilboda på skulane, viser ein ny rapport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning viser at det vart 14 prosent fleire utdanningstilbod på fagskulane frå 2019 til 2020.
– Dette er fantastiske nyheiter og har vore vilja politikk frå regjeringa. Noreg har eit stort behov for fleire flinke fagarbeidarar i åra framover. Der er fagskulane heilt avgjerande, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Rapporten viser at det var ein stor auke i talet på studentar som vart tekne opp på grunn av yrkesfagleg kompetanse frå vidaregåande. Asheim seier dette heng saman med koronatiltaket til regjeringa.