16- og 17-åringar får tilbod om koronavaksine

Ungdom fødd i 2004 og 2005 skal no bli tilbydd koronavaksine. Dei skal som hovudregel få vaksinen frå Biontech/Pfizer med 8–12 veker mellom dei to dosane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16- og 17-åringane vil få tilbod etter at befolkninga over 18 år er fullvaksinert, opplyser regjeringa onsdag.

– Unge i alderen 16–17 år har låg risiko for å bli alvorleg sjuke av covid-19, men med utviklinga i sommar med aukande smitte blant ungdom og unge vaksne, kan talet på ungdom som risikerer å bli alvorleg sjuke, auke, seier helseminister Bent Høie (H).

Bilete av helse- og omsorgsminister Bent Høie frå koronapressekonferanse hausten 2020. Foto: Eirin Larsen, Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0

Han legg til at vaksine vil verne den enkelte, gi ungdommar ein meir normal kvardag og bidra til immunitet i befolkninga. Vaksinasjon av denne aldersgruppa kan òg bidra til mindre smittepress i samfunnet og dermed mindre smitte blant yngre barn.

FHI kom i sommar med ei førebels tilråding om å tilby vaksine til denne aldersgruppa, men ønskte å gjere ei ny vurdering med oppdatert kunnskap.

– Den nye kunnskapane som har komme dei siste seks vekene, styrkjer tilrådinga om å tilby vaksine til 16- og 17-åringar, skriv FHI i oppdragssvaret sitt.

Pfizer-vaksinen

Denne aldersgruppa skal i hovudregel bli tilbydd koronavaksinen frå Biontech/Pfizer, som har hatt godkjenning lengst.

I USA er 12 millionar ungdommar i alderen 12–17 år vaksinerte med første dose og 9 millionar med andre dose av denne vaksinen.

Modernas vaksine fekk godkjenning for ungdom først i slutten av juli i år, og det er derfor mindre erfaring med denne.

Åtte til tolv veker mellom dosane

16- og 17-åringane vil få tilbod om to vaksinedosar, slik den vaksne befolkninga får. Planen er at det skal vere åtte til tolv veker mellom dei to dosane.

Regjeringa oppgir to grunnar til tidsintervallet. For det første er det framleis noko avgrensa kunnskap om den sjeldne, men alvorlege biverknaden med hjartebetennelse, myokarditt, etter vaksinasjonen. Dette er likevel først og fremst rapportert etter andre vaksinedose.

– Før vi gir ungdom i Noreg andre vaksinedose, ønskjer vi endå meir kunnskap om risiko og sjukdomsforløp som følgje av biverknadene med hjartebetennelse. Det vil vi få dei neste månadene når mange land har vaksinert denne aldersgruppa. Legemiddelverket følgjer nøye med på biverknader ved vaksinen, seier Høie.

Den andre grunnen er at første dose gir godt vern, og at studiar har vist at eit langt intervall mellom dosane kan gi betre vern enn eit kort intervall, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Vaksinasjonen skal gå føre seg i vaksinasjonssenter i kommunen. Det er ikkje meininga at helsesjukepleiarar på skulane skal bindast opp i arbeidet med vaksinasjonen.

Regjeringa opplyser at frå fylte 16 år er personar helserettsleg myndige. Ungdommar som har fylt 16 år, kan derfor sjølve avgjere om dei ønskjer å vaksinere seg.

Det er òg varsla at det snart vil komme ei vurdering av vaksinasjon av unge mellom 12 og 15 år.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen