– Skamlaust, autoritært og fantastisk provoserande
Forslaget om å bruka vernepliktige i pleie- og omsorgsyrke får kraftig motbør.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fantastisk provoserande
Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, føreslår at vernepliktige jenter og gutar blir pålagt å bruka eitt år til å arbeida i helse- og omsorgssektoren.
– Det er fantastisk provoserande at dessertgenerasjonen i 40-, 50- og 60-åra igjen sender rekninga til dagens unge. Dei har laga eit pensjonssystem der me må jobba lenger og dei har rasert bustadmarknaden. Når dei no attpå til er frekke nok til å føreslå at me som er unge skal jobba for knappar og glansbilde for å ta oss av dei når dei blir gamle, då meiner eg det er skamlaust, seier Andreas Halse leiar i Sosialistisk ungdom.
– Forslaget ser vekk frå det reelle problemet; at det er trong for auka bemanning og fleire faste og heile stillingar i helse- og omsorgssektoren, legg han til. Halse seier han forventar at SV går mot forslaget om dette nokon gong kjem til behandling i Stortinget eller regjeringa.
LES OGSÅ: Ap går mot kvinneleg verneplikt
Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, skriv på Twitter at forslaget er i strid med Den europeiske menneskerettserklæringa. Rotevatn, som sjølv har studert rettsvitskap, viser til at det er eit eksplisitt forbod mot tvangsarbeid i erklæringa, med unntak for militær verneplikt.
Senterungdommen-leiar skeptisk
Sandra Borch, leiar av Senterungdommen, seier til Framtida.no at dei ikkje har tatt stilling til forslaget, men vil gjera det så snart dei har møte.
– Personleg er eg skeptisk til det, fordi eg trur det kan truga verneplikta i Noreg. Sjølv meiner eg at det er feil å samanlikna samfunnsplikt og verneplikt.
LES OGSÅ: – Vi vil ikkje vere slavar
– Dessutan er eg skeptisk til å tvinga folk til det. Det er jo menneske det er snakk om, og det er viktig å ha personale som har hjarte og lyst til å jobba med dei menneska ein er der for. Samstundes kan det godt vera at det kan vera andre samfunnsoppgåver der ein kan trenga ungdom sin innsats, seier Sandra Borch.
Landsmøtet i Senterpartiet skal handsama forslaget frå Kjersti Toppe på landsmøtet sitt til våren.
Kvart stiller kring 60.000 jenter og gutar til sesjon i Noreg. Men berre kring 10.000 fullfører verneplikta. Det store fleir
Kva synest du om forslaget om verneplikt i eldreomsorga?