Vil ha verneplikt i eldreomsorga
Sp-politikar vil plassera vernepliktige i eldreomsorga.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe, føreslår at vernepliktige blir pålagt å bruka eitt år til å arbeida i helse- og omsorgssektoren.
Forsvaret har ikkje behov for fleire hender, men det har helsevesenet, seier ho til Aftenposten.
LES OGSÅ: Ap går for kvinnelge verneplikt
Toppe føreslår at vernepliktige får løn på lik linje med ufaglærte, i tillegg til visse gode som reduksjon av studielån, og at det skal vera rimelege fritaksordningar.
– For nokon er det ein provoserande tanke å innføra eit pliktår som ikkje har noko med militæret å gjera, men eg meiner at vi må bryta gamle tankesett og våga å tenkja radikalt i helsepolitikken, seier Toppe.
Ho vil fremja forslaget sitt på landsmøtet til Sp i april. (©NPK)
Kva synest du om forslaget?