Ap går mot kvinneleg verneplikt
I forslaget til nytt partiprogram går programkomiteen i Arbeidarpartiet mot kjønnsnøytral verneplikt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skal sleppa verneplikt
Programkomiteen er splitta i saka, skriv Aftenposten. Representanten frå LO i Arbeidarpartiet sin programkomité, Tor-Arne Solbakken, tok dissens i spørsmålet, og grunngir det med eit vedtak gjort i LO-sekretariatet då dei kom med innspel til langtidsplanen til Forsvaret.
– Eg følgde opp vedtaket i programkomiteen, utan å få fleirtal for det, seier Solbakken.
Leiaren av komiteen, Helga Pedersen, stadfestar at fleirtalet går imot ei likestilt verneplikt.
– Vi er samde med Forsvaret i at det bør rekrutterast inn fleire kvinner. Men Forsvaret tek i dag inn færre og færre til førstegongstenesta. Når Forsvaret bruker færre folk, vert det feil å utvide verneplikta, seier ho.
Kvinner er i dag ikkje vernepliktige og vel sjølve om dei vil tenestegjere i Forsvaret. 90 prosent av soldatane i førstegongsteneste er menn.
AUF ynskjer ei kjønnsnøytral verneplikt, og vil kjempe for å få partiet til å snu i saka før ho vert avgjort på landsmøtet til våren.
– Forsvaret vert betre når det inkluderer begge kjønn, seier AUF-leiar Eskil Pedersen. (©NPK)