Då eg var 20: Bjørnar Moxnes besøkte sosialistpartiet i El Salvador
Raudt-leiaren prøvde å lære seg spansk og møtte eldsjeler på den salvadoranske landsbygda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg budde på Vålerenga med ein kompis, tok førebuande på Blindern og jobba på sjukeheim, fortel Bjørnar Moxnes på e-post til Framtida.no.
Den 39 år gamle Raudt-leiaren mimrar tilbake til då han var 20 år.
I 2001/2002 var vennane hans dei viktigaste personane i kvardagen, og Moxnes visste endå ikkje kva han skulle verte i livet.
Første raudtrepresentant på Stortinget
Bjørnar Moxnes er oppvaksen på Nordstand i Oslo, og har ei mastergrad i sosiologi frå UiO i bagasjen.
Han tok sine første steg inn i partipolitikken då han gjekk på Oslo Katedralskole og melde seg inn i Raud Ungdom, ungdomspartiet som òg tok opp ein del av kvardagen hans som 20-åring:
– Politikk var ein veldig viktig del av livet mitt, som det er i dag, minnest 39-åringen.
Moxnes var leiar i ungdomspartiet frå 2004 til 2006, og tok seinare steget opp i Raud Valallianse.
Då partiet Raudt vart stifta i 2007, etter at både Raud Valallianse og Arbeidernes kommunistparti la ned som åtskilde parti og kreftene gjekk saman, vart Moxnes vald inn i landsstyret.
Fem år seinare vart Bjørnar Moxnes partileiar, og i 2017 vart han Raudt sin første stortingsrepresentant nokosinne.
- Les også om då kunnskapsminister Guri Melby (V) var 20 år gammal: Ho var hekta på «Big Brother» og opplevde verda bli forandra
På tur til den salvadoranske landsbygda
Då han var 20 år gammal prøvde Moxnes å henge med på studiet, men han og ein kamerat drog òg til Latin-Amerika og skapte minne for livet.
– Vi besøkte sosialistpartiet då vi var i El Salvador, og fekk vere med på ei reise (bakpå ein pickup som køyrde i 120 km/t) til ein bitteliten landsby langt ut på bygda, der vi vart kjende med nokre eldsjeler som gjorde stort inntrykk med alt dei gjorde for lokalsamfunnet, minnest Raudt-leiaren.
– Kva las du/såg du på/lytta du til?
– Eg hugsar at eg las boka Latinamerikas åpne årer av Eduardo Galeano i samband med reisa. Og prøvde å lære spansk, men akkurat det gjekk sånn passe.
- Les også om då Siv Jensen var 20 år og miste far sin: – Det er jo ein vanskeleg ting å oppleve når ein er såpass ung
Aldri gje opp
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– At eg ville bidra til ei betre verd.
Om Bjørnar Moxnes i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde han tenkt at «han der var ein hyggeleg og litt veslevaksen kar».
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Aldri gje opp.
- Les også om då SV-leiar Audun Lysbakken var 20 år gammal: – Midt på 90-talet hadde eg langt hår, gjekk rundt i ein slitt svart frakk, Dr. Martens-sko og høyrde på Cranberries.