Framtidas lærarar – språket sin bøddel?

Framtidas norsklærarar skal lære vekk den norskkunnskapen dei fekk gjennom vidaregåande opplæring. Det er alarmerande.

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarstudentar med matematikk som fag fekk Kunnskapsdepartementet til å setje kaffien i vrangstrupa og setje i gang strakstiltak for å betre situasjonen. Statsråd Halvorsen seier at situasjonen ikkje er akseptabel og at ein må forsikre seg om at den opplæringa som studentane får på lærarutdanninga, gjer at me får trygge, kompetente og gode mattelærarar i skulen. Korleis kan framtidas lærarar i matematikk ha så dårleg kunnskap i sitt eige fag? Er det rett og slett for vanskeleg, eller er lærarstudentane ikkje gode nok? Eg har tenkt mykje på dette og situasjonen hjå matematikkstudentane skil seg ikkje ut.

Matematikk er ein grunnleggjande dugleik som er viktig dersom ein skal kome seg opp og fram i dagens samfunn. Når dei som skal undervise i dette i framtida ikkje kan det godt nok, er det grunn til å vere uroleg. Men eg meiner det er noko anna ein bør vere meir uroleg for, og det er kunnskapen om språk hjå dagens lærarstudentar. Det er desse som skal ut i skulesystemet og lære frå seg samfunnskunnskap, religion, norsk og engelsk. Det er nokre av desse som ikkje veit skilnaden mellom «tunfisk biter i salt lake» og «tunfiskbiter i saltlake». Det er nokre av desse som trur dei kan kome vekk frå å seie «i forhold til» opp til fleire gongar i ei setning for at det skal verke meir forståeleg. Tru meg, ein vert meir frustrert enn imponert over feil bruk av preposisjonar og deling av ord. Er det ikkje litt skummelt at desse studentane skal lære dine framtidige ungar språk? Eg grøssar.

Som lærarstudent, eller lektorstudent som eg gjerne vil kalle meg sjølv, tykkjer eg at kunnskapen om norsk språk hjå lærarstudentar i dag er for dårleg. Eg studerer sjølv norsk og ein skal då tru at ein som norskstudent får grundig innføring i språk, setningsstruktur, historie, litteratur og målformer. Me har mange gode fag som dekkjer historie, litteratur, syntaks og dialektologi. Det skal vere ei sjølvfølgje. Men i løpet av fem år med studiar, har me ikkje eit einaste fag som går direkte på nynorsk og bokmål. Det vil då seie at framtidas norsklærarar skal lære vekk den norskkunnskapen dei fekk gjennom vidaregåande opplæring. Det er alarmerande.

Når ein ser på korleis situasjonen er for dei som studerer norsk, bør ein verkeleg uroe seg for korleis det står til hjå dei andre faggruppene som lærarstudentane kan velje. Sjølv om ein kanskje ikkje er merksam på det sjølv, har lærarar i andre fag som historie, geografi og matematikk òg eit ansvar for å formidle godt språk gjennom undervisning. Det er ikkje berre norsklærarane sitt ansvar. Det er på tide at både lærarstudentar og lærarar blir viss på det ansvaret dei har for å formidle det norske språket, anten det er nynorsk eller bokmål. Dersom ein ikkje vert merksam på det ansvaret ein har som undervisar, kan ein med rette kalle seg for ein språkbøddel, den som tok livet av det norske språket.