Utdanningsdirektoratet vil ikkje ha fritt skuleval
Utdanningsdirektoratet meiner forslag om fritt skuleval er ein dårleg ide.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Kommunal Rapport, som viser til ei utgreiing direktoratet har gjort for å kartleggje korleis regjeringa kan hindre at fylka bruker nærskuleprinsippet i opptak på vidaregåande.
– Vi meiner fylkeskommunen er nærmast til å vurdere inntaksordninga ut frå lokale forhold, skriv Utdanningsdirektoratet i utgreiinga.
Viss det likevel skal bli fritt skuleval, bør det gå føre seg ved at fylka kan ha maks ti inntaksområde, meiner direktoratet.
- Les også meiningsinnlegget: «Lat oss ikkje oppmuntre til eit enda større karakterpress, lat oss halde på nærskuleprinsippet»