To nye NASA-ekspedisjonar skal avsløre Venus sin løyndom
For første gong på over 30 år planlegg NASA å sende to ubemanna romfartøy til planeten Venus, der overflate og atmosfære skal bli kartlagt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA kunngjorde onsdag at dei planlegg å sende to ubemanna romfartøy til den næraste planeten vår, Venus.
– Målet med desse søsteroppdraga er å forstå korleis Venus blei ei slik infernoliknande verd der bly kan smelte på overflata, seier Bill Nelson frå NASA, ifølgje New York Times.
Fleire internasjonale medium har omtalt saka.
– Slåande kor lite vi veit
Dette er den første amerikanske Venus-ekspedisjonen på over 30 år, og dei to oppdraga har fått namnet DaVinci+ og Veritas.
DaVinci+ skal analysere den tjukke atmosfæren for å finne ut om den ugjestmilde planeten ein gong hadde vatn og om det nokon gong har vore mogleg å bu på han.
«Veritas» skal undersøke geologien til planeten og kartlegge overflata. Ved hjelp av ein radar og infraraud stråling vil ein finne ut om det er aktive vulkanar på planeten og om det kan oppstå jordskjelv.
– Det er slåande kor lite vi veit om Venus, men desse oppdraga vil gi oss ny kunnskap om atmosfæren til planeten, som for det meste består av karbondioksid, seier Nasa-forskar Tom Wagner i pressemeldinga.
Ein gloheit søsterplanet
Venus blir ofte omtalt som søsterplaneten til jorda, og har omtrent same storleik, masse og same avstand til sola. Men historia til dei to planetane er ulike.
Medan jorda har ein moderat temperatur og er dekt av hav, har Venus ein tett atmosfære av karbondioksid som er 90 gongar tjukkare enn atmosfæren til jorda. Temperaturen kan bli opp til 462 grader Celsius, skriv CNN.
Den no gloheite planeten kan ha vore den første i solsystemet vårt der det har vore mogleg å bu, opplyser CNN.
På 1970- og 80-talet gjennomførte USA og Sovjetunionen fleire ekspedisjoner til Venus, men på 90-talet flytta dei amerikanske og russiske romforskarane merksemda til andre destinasjonar i Mjølkevegen.
In today’s #StateOfNASA address, we announced two new @NASASolarSystem missions to study the planet Venus, which we haven’t visited in over 30 years! DAVINCI+ will analyze Venus’ atmosphere, and VERITAS will map Venus’ surface. pic.twitter.com/yC5Etbpgb8
— NASA (@NASA) June 2, 2021
Det har blitt sett av 500 millionar amerikanske dollar til begge oppdraga, og dei er venta å finne stad mellom 2028 og 2030. Tyskland, Italia og Frankrike deltar i prosjektet.
- Fleire heite saker? Grilla marsmallows og pølser over lavaen på Island. No er utbrotet på Island blitt turistattraksjon.