Grilla marsmallows og pølser over lavaen på Island

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har opna seg ein 500–700 meter lang sprekk. Me ser store søyler lava som er rundt 100 meter høge, seier Kristin Jonsdottir til islandsk TV, ifølgje NRK. Ho jobbar som leiar for overvaking av jordsjelv ved Islandsk meterologiske institutt.

Vulkanen som dei siste dagane har hatt utbrot, ligg i nærleiken av hovustaden på Island, Reykjavík.

Grilla marsmallows og pølser

Heile området vart sperra av dei første timane etter utbrotet, men etter kvart vart vegsperringane fjerna. I helga opna dei opp, under strenge reglar.

Nyfikne tilskodarar fekk sjå utbrotet på nært hald.

Dei tøffaste folka som tok seg dei seks kilometerane inn til utbrotet, grilla marsmallows og pølser over den oransje lavaen.

Fleire tusen mindre jordskjelv

Utbrotet er det første på Reykjanes-halvøya på 800 år, men det var ikkje heilt uventa, då området har hatt fleire tusen mindre jordskjelv i fleire veker før utbrotet, skriv ABC Nyheter.

Gjennomsnittleg er det eit utbrot kvart femte år på Island, men dei fleste av dei er langt frå folk. Det siste store var utbrotet i Island, var under isbreen Eyjafjall i 2010.

Det gjekk hardt ut over flytrafikken i heile Europa, og ordet «oskefast» vart årets ord i Noreg.


Fotograf Reid Blackburn (27) leverte bilete til både National Geographic, USGS og lokalavisa The Columbian, rakk ikkje køyra vekk før han vart gravlagd og kvalt av oska frå Mount St. Helens. Foto: Danial Dzurisin, Wikipedia