Pakistanske born får bøker frå bok-kamelen Roshan
Kamelen Roshan har med seg uvurderleg last når han vandrar rundt i ørkenen i sør-austlege Pakistan.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Framtida Junior. Der kan du òg lesa meir om born som feirar 17. mai i Spania og elevane som oppdaga meteorittar på skuletaket.
Kamelen Roshan kjem med bøker til borna som ikkje lenger kan reisa på skulen, grunna koronaviruset, skriv nettstaden Inquirer.
Skuleborna, som bur ein plass der gatene er for smale til at bilar kan ta seg fram, kler seg opp i sine finaste klede for å møta kamelen. Dei flokkar seg rundt kamelen og ropar: «Kamelen er her»!
Borna i Pakistan har også hatt heimeskule på grunn av pandemien. Skulane har så og seia vore stengt sidan starten av mars 2020. Dette har vore vanskeleg i enkelte område, som mellom anna Balochistan, der mange landsbyar nesten ikkje har tilgang til internett.
På besøk tre gonger i veka
Raheema Jalal som er rektor på ein skule, grunnla derfor kamel-prosjektet. Ho ville at born framleis skulle ha moglegheit til å læra sjølv om skulane er stengt.
Kamelen Roshan reiser rundt med bøker til fire forskjellige landsbyar i Kech-distriktet. Han besøker kvar landsby tre gonger i veka og blir verande der om lag to timar kvar gong.
Borna låner bøkene han har med seg, og kan returnera dei neste gong kamelen er på besøk.