– Innvandrarar best tent med bokmål
Fleire nynorskkommunar meiner innvandrarar er best tente med å læra bokmål.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Best tent med bokmål
Sju av 26 kommunar i Sogn og Fjordane brukar berre bokmål i norskundervisninga av innvandrarar, fortel NRK.
Grunngjevinga skal vera mangel på læremiddel på nynorsk, og at fleire innvandrarar flyttar til bokmålskommunar.
– Dei får plass i kommunar i Nord-Noreg, på Austlandet og andre plassar, og det viser seg jo at verda er slik laga at dei fleste andre kommunar har bokmål. Dermed trur vi at elevane våre er best tente med å ha bokmål som opplæringsspråk, seier lærar Kari Anne Søreide som underviser på Innvandrarsenteret i Florø.
Ho peikar dessutan på at det er eit problem at nesten alle læreverka for innvandrarar er på bokmål.
LES OGSÅ: – Språket er det største hinderet
Ved norsksenteret i Førde får derimot innvandrarar norskopplæring på nynorsk.
– Vi har fått tilbakemeldingar frå elevar som har flytta austover som fortel at det ikkje var noko problem, fortel dagleg leiar Ole Magnar Stein.
Lærar steinar Myrekrok meiner det er naturleg at innvandrarane lærer den målforma som dei møter i lokalsamfunnet rundt seg. Han seier læreverka dei har fått er gode, men oppmodar lærarane til å vera kreative og laga eigne ting dersom utvalet er for lite. (©NPK)
QUIZ: Skjønar du bokmål?