Stortinget har vedtatt samiske og kvensk namn på Noreg

Stortinget har offisielt bestemt namn på Noreg på kvensk, nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mangelen på offisielle samiske namn på Noreg har hindra Statens vegvesen i å skilta ved riksgrensa på samisk – heilt til no.

– Når grensene opnar igjen og eg kan køyra frå Sverige inn i Trøndelag – og sjå Noreg skiltet på sørsamisk på grensa – blir det for meg eit sterkt symbol på at samisk og norsk er likeverdige språk, seier distrikts- og digitialiseringsminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.

Ho er ansvarleg statsråd for samiske og kvenske saker i regjeringa.

Vedtaket gjer det mellom anna mogleg å skilta på samisk og kvensk langs riksgrensa – frå Engerdal kommune i Innlandet og nordover til Pasvik i Sør-Varanger kommune i Troms- og Finnmark.

Linda Hofstad Helleland med skilt på (frå venstre): lulesamisk, nordsamisk og sørsamisk. Foto: KMD

Stortinget stilte seg bak regjeringsforslaget om å vedta dette som offisielt namn på Noreg og Kongeriket Noreg:

Norga / Norgga gonagasriika (nordsamisk)

Nöörje / Nöörjen gånkarïjhke (sørsamisk)

Vuodna / Vuona gånågisrijkka (lulesamisk)

Norja / Norjan kuninkhaanvaltakunta (kvensk)

Første offisielle regjeringsdokument på kvensk

Forslaget som vart vedtatt av Stortinget tysdag vart fremma av regjeringa i Prop. 118 S (2020–2021). Dokumentet finst på regjeringa.no på norsk, nordsamisk og kvensk.

Dette er første gang at eit offisielt regjeringsdokument er omsett til kvensk. Omsetjinga har mellom anna kravd utvikling av noko ny terminologi på kvensk.


LES OGSÅ: Talet på samiske elevar er det høgaste på 13 år: – Har blitt meir kult med samisk

Aile Maria Martinez Hætta (15) og Mia Kristine Nystad Eskonsipo (15) vil halda fram med samisk på vidaregåande til hausten. Foto: Privat