Solberg knuser russedraumen: – Kan vere at store russearrangement ikkje blir mogleg i år
Også i år må russen belage seg på å finne nye måtar å feire at tre års vidaregåande skulegang er over, varslar statsminister Erna Solberg (H).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Russetida er eit høgdepunkt for alle. Og vi håpar at vi skal finne rom for nokon former for russefeiring. Men det kan vere at vi ikkje har komme så langt at vanleg russefeiring med store arrangement kjem til å vere mogleg, sa Solberg på eit digitalt møte med russepresidentar frå heile landet torsdag kveld.
– Eg trur ikkje det blir noko landstreff i år, slo ho fast på møtet, der også kunnskapsminister Guri Melby (V) og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad deltok.
- Les også om fjorårets russ, som utvikla koronavenlege russeknutar! Skal dele ut antibac og handle for eldre
Russepresidentar ynskjer lokal vurdering
Nakstad påpeikar at det er høgst uvisst om det blir store arrangement og feiringar i år.
– Vi veit førebels ikkje korleis det kjem til å bli. Er vi heldige, vil mange vere vaksinerte fram mot sommaren, men er vi uheldige, får vi kanskje ei ny smittebølgje, seier han.
Dei til alle til gjeldande smittevernreglane gjeld alle, inkludert russen, påpeikar Nakstad.
Fleire av russepresidentane som deltok på møtet, uttrykte eit ønske om at russearrangement bør kunne vurderast lokalt i kommunane.
- Les også årets Studiebarometer: – Stadfestar at koronasituasjonen med nedstengte campus har gått hardt utover mange studentar