Kor lenge varer russetida i år?
Er festen faktisk flytta til etter eksamen? Og skal det rullast til Samordna opptak gir beskjed om studieplass? Framtida.no har spurt russen om russetida i år.
– Eg kan førestille meg at det var ganske vanskeleg å halde på med eksamen når det var russetid i fjor, for dei som hadde tidlegare russetid, seier Håkon Myhre.
Han er ein av russen som har samla seg utanfor Elvebakken videregående skole i matfri, når Framtida stikk ut for å høyre korleis russetida blir i år. I år er første året der avgangselevane har tidlegare skriftleg eksamen. Det er eit forsøk frå kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) for å flytte russetida.
For Elvebakken-elevane gjekk startskotet på festen 14. mai.
– Eg synest det er veldig fint. Vi får ei mykje varmare russetid, det er nice, og så passar det litt betre, for ein er ferdig med skriftleg eksamen før russetida startar.
Russetida blir ikkje arrangert av skulane, så det er russen sjølv som må bestemme seg for å flytte på festinga. I Oslo verkar det som at regjeringa sitt tiltak har fungert.
– Eg var litt negativ til det, mai er ein veldig fin månad, men det er eigentleg litt deilig, seier medruss Jørgen, som også er ein del av russestyret på skulen.
– På Elvebakken har vi bestemt at 15. juni er siste feiredag, legg han til.
Mindre undervisningstid før eksamen
I Trondheim køyrer dei eit ganske likt løp, med start rundt 15. mai og slutt rundt 13. juni.
– Personleg synest eg endringane er veldig positive! Det verkar meir fornuftig å få unna eksamen først slik at ein kan nyte russetida utan like mykje stress og press knytt til skulearbeid.
Det skriv Matz Mørkved, russepresident i Trondheim, på e-post til Framtida.
– Eg trur det har gjort at mange har fått meir ro til å fokusere på skulen før feiringa starta skikkeleg, skriv han.
Visepresident Eline Louise Sund van Dijk er einig, og fortel at det å planlegge og arrangere russetida har gått betre enn venta, utan noko negativt frå russen si side. Ho har likevel eit tankekors:
– Det er litt dumt for lærarane at det har blitt flytta, for det er like mykje stoff dei må lære bort, men med kortare tid, så på den måten blir det stress at eksamen kjem tidlegare, seier ho på telefon.

Matz Mørkved (til høgre) er årets russepresident i Trondheim og ved Charlottenlund vgs. Eline Sund er byens visepresident og russepresident ved Cissi Klein vgs. Foto: Privat
For ho personleg har russetida vore ein suksess.
– Det beste har vore å ha tid med venar og kunne vere saman, hatt litt arrangement her og der, og kunne feire.
Russedressen må på til treffet
I Haugesund er tidspunkta annleis. Der starta dei russetida allereie 30. april, hovudsakleg for at dei skulle få brukt russedressen på Landstreffet i Stavanger, fortel August Haarr Rogde.
Han er russepresident ved Skeisvang videregående skole i Haugesund.
– Vi har ikkje heilt bestemt oss for når ho skal slutte, men vi landa vel på innan siste undervisningsdag før munnleg eksamen byrjar, seier han på telefon.
– Så de trekk ikkje russetida ut i sommarferien?
– Nei! Nokre kjem sikkert til å halde på, det rullar framleis rundt nokre bussar her, men eg trur folk har fått dosen sin no.
Ingen av russen Framtida.no har prata med har planar om å la russetida strekke seg ut etter skuleslutt.
Rogde sitt personlege høgdepunkt frå russetida i år er russefestivalen der dei fekk samla 600 russ i Haugesund til fest dei to kveldane før 17. mai. Han set også pris på at skriftleg eksamen kom litt tidlegare.
– Eg vil ikkje seie at russetida har blitt noko dårlegare av det, eg vil tvert imot seie at ho kanskje har blitt betre.
– På kva måte?
– Folk er ferdige med det aller viktigaste, og ein slepp dette stresset opp mot eksamenar.
Han trur stresset rundt å velje om ein skal drikke og ha det sosialt eller arbeide fram mot dei store skriftlege eksamenane, har blitt mindre.
– Dei vala er eigentleg teke for folk, festen tek vi når vi er ferdig med eksamen.
Slepp å tenke på vinterdekk
Nokre stader i landet har ikkje flyttinga av skriftleg eksamen fått særleg store utslag.
– Det har ikkje vore noko forskjell, berre at eksamen har vore litt tidlegare, men for oss så har det ikkje vore ein fordel eller ei ulempe, seier Amanda Sofie Berg på telefon.
Ho er russepresident ved Kvaløya videregående skole i Tromsø, der russetida ikkje har starta enno. I samband med korona vart russetida flytta til juni for eit par år sidan, og det har russen i nord halde fast ved.
I år går startskotet 29. mai, i samband med Tromsøtreffet, og dei avsluttar 18.–19. juni, med ei skikkeleg feiring natta etter siste skuledag.
– Eg synest det fungerer veldig greitt med tanke på at det er såpass kaldt her oppe.
Ho synest det er godt å ha litt varmare temperaturar, både fordi det er lettare å ha sommardekk når ein skal rulle.
– Men også med tanke på kor mykje ein koser seg.
– Burde andre gjere som Tromsø?
– Jaa … Eg synest det gjer at ein får meir fokus på eksamen.
No gler ho seg til fredag, når feiringa startar.
– Tromsøtreffet er jo det store her oppe, så det blir kjempegøy.











