I år skal russen dele ut antibac og handle for eldre

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.02.2021 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tenkte at det hadde vore gøy med eit sett koronavennlege knutar for den russen som likevel vil byrje å feire litt roleg no, så kan dei ha noko gøy å gjere under karantenetida.

Det seier Johann Schwenke Rief, russepresident i Oslo og Viken, til NRK.

Russetida vert noko ganske anna enn årets kull hadde venta og håpa, sidan alle store arrangement førebels er avlyste.

Håpet er at russetida kan starte natt til 16. juni, når arrangementforbodet går ut, men helsedirektør Bjørn Guldvog meiner det er usannsynleg med større samlingar i 2020.

– Ikkje sett nokon i fare

Årets offisielle russeknutar lyt vente på seg, men i mellomtida har hovudstyre for russen i Oslo og Viken skapt eit koronavennleg alternativ!

russestyret si nettside presenterer dei nesten 100 russeknutar. I tillegg oppmodar dei russen til å følgje styresmaktene sine smittevernsråd, å vaske hendene godt og å halde seg heime om ein føler seg sjuk:

– Det kjem eit høve seinare til å ta knutane, ikkje sett deg sjølv eller andre i fare! står det skrive.

Knutar vert berre godkjende om det er to meters avstand mellom personane, og alle knutar som er lagde til skulen, kan også føregå i digitale klasserom.

Dette er koronaknutane:

1. Bomullsdott
Ta vaksine mot hjernehinnebetennelse. 

2. Amnesty-logo 
Stryk “NEI er NEI”-merket frå Amnesty på russedressen eller –buksa.

3. Lita bøsse 
Delta på Krafttak mot kreft. (Digitalt vert også godkjent om det finst bevis.)

4. Avbroten dratapp 
Pant flasker og doner dei til Røde Kors. Minimum 20 kr. Ein må donere til Røde Kors sitt pantelotteri for at knutane skal vere gyldige.

5. Solo Super-kork
Ver singel gjennom heile russetida (19. april til 18. mai).

6. Rose 
Send ei rose til ein du meiner fortener det, eller ein framand, via ein blomsterbutikk på nett.

7. Solokork 
Ver edru gjennom heile russetida (19. april til 18. mai).

8. Legokappe 
Hald deg heime dersom du erfarer nokon av symptoma til Covid-19.

9. Antibac/Såpe 
Vask/desinfiser alltid hendene kvar gong du går inn i hus eller køyretøy.

10. Legohand 
Stå på gata i ein time og gje framande gratis antibac.
(Bruk hanskar og evt. munnbind)

11. FHI-logo 
Unngå nærkontakt med andre i ei veke. Inga kyssing, klemming eller handhelsing. Følg FHI sine tiltak for å unngå smitte.

12Kvittering 
Gjennomfør ein handletur for eldre som ynskjer det. (Hugs desinfeksjon)

13. Bit av eit klesplagg
Rydd i klesskapet ditt og doner kleda til for eksempel Fretex eller andre liknande tenester.

14. Nox/Fox/Rox-papiret
Gå ein tur på minimum 20 minutt og plukk opp alt søppel du finn på ferda. Kjeldesorter og kast det i søppeldunken.

15. Microsoft-logo 
Ha drikkekveld/fest over Teams.

16. Ølkork
Drikk ei kasse 0.33-liter øl/cider/rusbrus på 24 timer i din eigen heim, saman med venner over internett.

17. Etiketten
Drikk ein øl/cider/rusbrus på 0.33-liter utan hender eller assistanse.

18. Sugerør
Drikk ein halvliter medan du sit/står og tissar.

19. Stoppeklokke
Drikk ein halvliter øl/cider på ti sekund.

20. Tampong
Putt to tamponger i munnviken og drikk ein halvliter øl/cider.

21. Snusboksen
Behald same snusen i leppa i seks timar.

22. MOT-logo
Ta avstand frå alle narkotiske stoff før, under og etter russetida.

23. Kvarandre sin autograf på dressen
Planlegg med ein medelev at de skal møtast for å ha sex etter timen, høglytt i klasserommet.

24. Truse
Sitt ein heil skuletime berre i undertøy.

25. Svømmebriller
Ha gym i berre svømmetøy.

26. Kvist frå hagen
Sov i telt i hagen til ein lærar.

27. Roseblad
Flørt openlyst med læraren i timen, og takk for gårsdagen.

28. Liten blomst
Ha seksualundervisning for ein førsteklasse-time kor du demonstrerer rørslene i praksis.

29. Kors
Rop «hallelujah!» for alt læraren seier i ein time.

30. Smil
Sei ja til alt nokon seier eller spør om ein heil skuledag. (Gjeld ikkje seksuell kontakt.)

31. Peace-merke
Hald deg unna vald, og oppfordre andre russ til det, gjennom russetida.

32. Sikkerheitsnål
Spør mora til ein medruss eller ein lærar av det motsette kjønn (over 40 år) om sextips.

33. Namnelapp
Lat som om du har minnetap ein heil skuledag.

34. Linjal
Ver på skulen kvar dag i russetida.

35. Shotglas
Reis deg opp kvart tiande minutt i ein skuletime og rop «skål!».

36. Tryllestav
Gje ei uopna flaske eller eit glas med alkoholfri øl/cider/vin til ein medruss. (Ikkje drikk av same.)

37. Sølvhjerte-klistremerke på dressen
Skriv eit kompliment til fem medruss.

38. Rosahjerte-klistremerke på dressen
Skriv eit kjærleiksbrev på eit A4-ark til ein medlem av ditt lokale russestyre.

39. Gullhjerte-klistremerke på dressen
Skriv eit kjærleiksbrev på eit A4-ark til ein medlem av Russens hovudstyre.

40. Bilete i lomma på dressen
Ta eit morosamt panoramabilete med fire andre medruss med to meters avstand. (Skriv ut bilete og legg det i lomma på dressen.)

41. Bilete på Instagram
Ta bilete av fem medlem av russegruppa på taket av bussen/vanen med to meters avstand og legg ut på Instagram med caption «Vi ventar med å rulle til det er trygt».

42. #KNUTENE2020-LAPP
Legg ut bilete/video av utførte knutar med #knutene2020 på Instagram.

43. Polaroidbilete
Ver linselus i fem bilete tekne av turistar.

44. Brettspelbrikke
Spel brettspel, for eksempel Risk eller Monopol, med familien eller samen med venner gjennom teams, zoom, houseparty eller liknande appar. Vinnaren må verte teken bilete av for at knuten skal verte godkjend.

45. TikTok-logo
Lag ein morosam TikTok av deg sjølv åleine på rommet ditt og få minst fem andre medruss til å gjere akkurat det same.

46. Bilete av kongefamilien
Ak ned slottstrappa på eit akebrett.

47. Norsk flagg
Syng nasjonalsongen på Slottsplassen (minst to medruss må vere med, hugs to meters avstand!).

48. Skolisse
Krabb frå Stortinget til Slottet.

49. Hårlokk
La ein medruss klippe deg med naglesaks.

50. Shampookork
Ikkje dusj i noko anna enn øl i tre dagar.

51. Refleks
Ha radarkontroll med hårfønar og refleksvest i 50-sona.

52. Godteri-egg
Et frukost med egg og bacon ute på eigen veranda eller i eigen hage, medan du snakkar med ein medruss som gjer det same.

53. Godterileppe
Klin med ein medlem av Russens hovedstyre. Hugs å spørje om lov!

54. Brødskorpe
Gå med brød som sko ein heil skuledag/dag.

55. Godteriburger
Et ein cheeseburger på éin bit.

56. Happy meal-leike
Køyr gjennom ein drive-through med ei handlevogn (som vert levert tilbake) og kjøp eit måltid.

57. Knapp i fargen på dressen
Alltid ha på russedressen/buksa når du er på ein offentleg stad.

58. «L»
Sett ein «L» (for øvelsekøyring) bak på ein offentleg tenestebil.

59. Ispinne
Bade ute før 1. mai.

60. Bit av ispapir/lok
Et to liter is i løpet av ein skuletime.

61. Sheriffstjerne
Gje eit slengkyss til ein politibetent på to meters avstand, hugs å blunke.

62. Bit av skiltet
Sitt saman med maks fem andre medruss i ei rundkøyring, og ha eit skilt kor det står: «Éin tut, éin skål!».

63. Tusjen
La ein medruss bestemme kva du skal teikne i ansiktet på deg sjølv og gå slik resten av dagen.

64. Legofigur
Lat som du er ei utstillingsdokke i eit butikkvindauge i minst fem minutt.

65. Barnål
Ha vorspiel på eit roleg og lite befolka område ute i skogen.

66. Kvikk lunsj-papir
Handle på Vinmonopolet med tursekk, stavar og ski på.

67. 1881-logo
Ring Opplysningen 1881 og be dei gå inn på russenshovedstyre.no/russeknuter for å anbefale deg fem russeknutar. Deretter, gjennomfør minst tre av dei fem anbefalte knutane.

68. Emballasjen
Krabb inn i ein matvarebutikk og kjøp øl/cider. Dersom du ikkje når ølet/cideren må du be om hjelp frå ein du ikkje kjenner.

69. Pølsepapir
Kjøp ein pakke kondom på ein bensinstasjon, gå inn på toalettet med ein medruss og kom ut etter fem minutt. Krev pengane tilbake fordi kondomet sprakk.

70. Nakenbilete frå bladet 
Kjøp eit pornoblad på ein bensinstasjon/kiosk. Kom tilbake 20 minutt seinare og klag på at bladet ikkje oppfylde fantasiane dine.

71. Lok frå smørboks
Kjøp ein pakke smør og spør dei tilsette om det funkar som glidemiddel.

72. Opna kondom
Kjøp ein pakke kondom berre ved hjelp av kroppsspråk.

73. Uopna kondom
Ikkje ha sex gjennom heile russetida.

74. Kongle
Ha sikker sex utandørs med ein fast partnar.

75. Gullkongle
Ha sikker sex med ein fast partnar i eit tre.

76. Platinumkongle
Ha sikker sex med ein medlem av Russens Hovedstyre i eit tre.

77. Blyant
Ha sikker sex med ein fast partnar på skulen sitt område.

78. Gullstjerne i bremmen
Ha sikker sex med ein fast partnar i løpet av russetida.

79. Champagnekork
Ha sikker sex med ein medlem av Russens Hovedstyre.

80. Kvit champagnekork
Ha sikker sex med presidenten i Russens Hovedstyre.

81. Talet 69 i bremmen
Denne kan du gjette deg fram til.

82. Leikebrannbil
Ha sikker sex med den faste partnaren din under menstruasjon.

83. Bit av tøffel
Ha kjæreste gjennom heile russetida.

84. Rosa fjør
Kyss med ein russ av same kjønn, hugs å spørje om lov med mindre det er partnaren din.

85. Sølvstjerne i bremmen
Ta ein klamydiatest.

86. Sex og Samfunn-strykemerke
Test deg sjølv for seksuelt overførbare infeksjonar hos Sex og Samfunn.

87. Knute på luetråden
48 timar utan søvn (172 800 sekund).

88. Sølvknute på luetråden
Ta 15 knutar på 24 timar.

89. Gullknute på luetråden
Ta 50 knutar.

90. FaceTime-logo
Start ein FaceTime med fem du har hatt sex med.

91. Din eigen hårlokk
Farge, bleike eller skinne av håret i løpet av karantenetida.

92. Strekar på dressen tilsvarande talet shots
Ta så mange shots du klarar på 60 sekund.

93. RUTER-logo
Gå på ein rutebuss og vask handtak med såpevatn eller handsprit. (Ikkje lag søl!)

94. Mogelegheita til å kaste russedressen
Stå på eksamen.

95. Shotteglas
Ta 10 shots før skulen startar.

96. Nøkkelen til låsen
Sett ein lås ved Frognerbekken med namnet på ein du er glad i.

​Dei fire siste knutane er førebels hemmelege.