Russ vart delvis blind – nytt forslag om laserbruk har venta på behandling i fem år
Helse- og omsorgsdepartementet fekk innspel om strengare reguleringar av laserar i 2021. Fem år seinare er saka framleis ikkje behandla.
Natt til søndag 17. mai mista ein russ i Agder synet på det eine auget etter å ha fått ein laserstråle i auget. Politiet har beslaglagt ein russebuss og etterforskar saka.
Helse- og omsorgsdepartementet stadfestar at dei fekk forslaget, men viser til arbeidspress som årsak til forseinkinga.
– På oppdrag frå departementet leverte DSA innspelet sitt i 2021. Saka er framleis til behandling i departementet. På grunn av stort arbeidspress på dette fagområdet har saksbehandlinga vorte forseinka, heiter det i ein skriftleg kommentar frå departementet.
Vil halda risikoen låg
I dag er det berre handhaldne laserpeikarar som krev godkjenning frå DSA. I innspelet til departementet foreslo DSA at også fastmonterte laserar bør vera godkjenningspliktige.
– Bakgrunnen for forslaget frå DSA er at regelverket må leggja til rette for at laserbruken blir regulert, slik at ein hindrar potensiell farleg bruk, seier seksjonssjef Bård Olsen i DSA til NTB.
Det er også foreslått ei strengare regulering av laserar generelt, slik at det også skal vera godkjenningsplikt for laserar i klasse 3b og 4 som blir brukte på offentleg stad.
Klasse 3b-laserar er så sterke at det kan oppstå augeskadar straks og før blunkerefleksen slår inn. Klasse 4-laserar er dei sterkaste, og der er det inga grense for kor høg effekten kan vera.
Dei kraftigaste laserane kan gi brannskadar på huda og kan vera brannfarlege sjølv på lang avstand.
– Formålet med endringane er at styresmaktene skal ha betre kontroll med bruk av laser i det norske samfunnet, slik at risikoen for menneske og miljø blir så låg som mogleg, opplyser Olsen.
– Kan ikkje kommentera
Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at DSA i 2019 fekk i oppdrag å gi innspel til endringar i regelverket for laserar. Det er dette innspelet som kom 2. juli i 2021.
– Det var midt under pandemien, og oppfølginga av forslaga vart difor ikkje følgt opp på grunn av manglande kapasitet. Saka er difor framleis til behandling i departementet, og det er årsaka til at DSA ikkje har fått noka tilbakemelding, heiter det i uttalen frå departementet.
Dei må komma tilbake til vidare behandling av forslaget.
På spørsmål om statsråden kan svara for den lange behandlingstida i lys av at ein russ nyleg har vorte delvis blind, svarer departementet:
– Departementet er ikkje kjent med hendingsgangen og kan difor ikkje kommentera denne konkrete saka.
Aukande bruk
DSA har tidlegare uttrykt uro for bruken av uregulerte laserar. Alle laserar i Noreg skal vera produserte, merkte og klassifiserte etter laserstandarden EN 60825-1 og tilhøyra ein laserklasse.
– Laserbruken i samfunnet er omfattande og aukande, seier seksjonssjef Bård Olsen i DSA til NTB.
DSA ventar auka bruk av laserar til ulike og nye formål, også på offentlege stader, som ved konsertar, kunstprosjekt og til fuglejaging.
Sjølv om det førebels ikkje finst strenge reguleringar for fastmonterte laserar, er det likevel brukaren som har ansvaret for å sørgja for forsvarleg bruk.
Politiet etterforskar saka i Agder som valding av stor skade og ber alle med laserar på russekøyretøy om å sjekka utstyret sitt.






