Rapport om rasisme i Bergen vekkjer uro
Mange personar med minoritetsbakgrunn i Bergen opplever diskriminering både i arbeidslivet, bustadmarknaden og i skulen, viser fersk rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I rapporten til Bergen kommune om «strukturell rasisme i Bergen», kjem det mellom anna fram at 40 prosent av dei spurde har opplevd å bli diskriminerte når dei søkjer jobbar, fortel NRK.
Den viser også at ein firedel har opplevd forskjellsbehandling på bustadmarknaden, og at ein del barn med norsk-afrikansk foreldrebakgrunn har opplevd rasistisk mobbing på skulen.
Reaksjonane på funna er sterke.
– Det er sjølvsagt urovekkjande, men dessverre ikkje ukjent for oss, seier byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen, Katrine Nødtvedt, til kanalen.
Ho fortel at kommunen er i gang med fleire tiltak for å retta på tilhøva.
- Les også forteljingane om norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»
- Har du greie på svart historie i Noreg? 12 viktige ting du bør vete om
Fekk du med deg denne? Utleigar til Amanuel (19): «Eg leiger ikkje lenger ut til afrikanske gutar»