MDG-profil åtvarar mot aukande antisemittisme
Tidlegare talsperson i Grøn Ungdom, Margit Bye, fortel at mange norske jødar er redde etter terroråtaket i Sydney.
– Mange føler på ein utryggleik no. Eg trur mange jødar føler at dette like gjerne kunne ha skjedd i Noreg eller eit land like ved oss, seier MDG-politikar Margit Bye (23) til VG.
Den tidlegare nasjonale talspersonen for Grøn Ungdom har jødisk far og har engasjert seg i palestinarane si sak, samstundes som ho har snakka høgt om antisemittisme.
Aukande antisemittisme
Ho la ut ein Facebook-post kort tid etter terroråtaket i Australia. Ein far og ein son skaut og drap over 15 personar og skada fleire titals som deltok i feiringa av den jødiske høgtida hanukka nær den populære stranda Bondi Beach i Sydney. Hendinga vert etterforska som terror mot den jødiske minoriteten i landet og gjerningsmennene skal ha hatt IS-flagg i ein bil nær åstaden.
«Dette viser viktigheita av at me alltid iretteset antijødiske haldningar og stereotypiar, òg i ei verd der det er stadig vanskelegare å ytra seg om antisemittisme utan å bli tatt til inntekt for haldningar du ikkje har, og der antisemittisme har blitt valdsamt politisert,» skriv Bye på Facebook.
Antisemittiske åtak i Australia har auka kraftig etter Hamas-åtaket mot Israel 7. oktober 2023, og den etterfølgjande bakkeinvasjonen på Gaza.
I perioden oktober 2024-september 2025 vart det rapportert 1654 tilfelle av hat og hets mot jødar, medan det året før vart registrert 2062 tilfelle. Dette er ifølgje ein kommisjon historisk høgt, melder NBC.
Heimar, bilar og skular har vorte utsett for vandalisme med anti-israelske bodskap. Synagogar, næringslokale og ein barnehage har vorte tent på, og to sjukepleiarar vart suspendert og tiltalt etter ein TikTok-video posta av ein pasient der dei uttala at dei ville drepa eller nekta å behandla jødiske eller israelske pasientar.
I januar avverja politiet eit åtak mot ein synagoge, der ein bil full av eksplosiv var plassert.
Byane Sydney og Melbourne husar brorparten av dei rundt 115 000 jødane i landet, og det er her flest av hendingane har funne stad.
– Ubehageleg å snakka om
Òg i Noreg har antisemittismen auka etter 7. oktober 2023, etter fleire år med nedgang. Ei undersøking gjennomført få månader etter terroråtaket mot Israel, og starten på invasjonen av Gaza viser at 8,6 prosent har negative kjensler eller antipati overfor jødar, ifølgje Forskning.no.
Margit Bye har som stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne engasjert seg sterkt i palestinarane si sak, samstundes som ho har vore open om sin jødiske bakgrunn.
«Eg er ikkje den einaste som synest det er ubehageleg å snakka om aukande antisemittisme, islamofobi og valden i Midtausten. Men desto viktigare er det faktisk å seia ifrå sjølv om dei tinga som skulle vore sjølvsagt; at vald aldri er greitt, at alle menneske er like mykje verd, og at jødar fortener tryggleik heilt uavhengig av kva som skjer i Midtausten,» skriv ho på Facebook.
Til VG fortel Bye at ho skal markera lysfesten hanukka, som startar søndag, med å tenna lys i ei mørk tid for jødar. Ho oppmodar alle til å stå opp mot antisemittisme og rasisme.
– Frykt kan gjera så mykje med folk. Eg er òg bekymra for at den frykta mange jødar har skal føra til meir polarisering og fordommar. Det er viktig at dei som sit med denne frykta ikkje stengjer totalt ned og tenkjer at alle er ute etter oss, seier ho til avisa.






