Yrket mitt: Karoline (23) er teiknspråktolk

Tilfeldigheiter førte Karoline Marie Hjertaas Johnsen til teiknspråkstudiet. No har ho fast jobb, og tolkar alt frå fødsel og gravferd.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei færraste forstår vel eigentleg kva yrket mitt er i det heile teke, fortel Karoline Marie Hjertaas Johnsen på e-post til Framtida.no. 

23-åringen frå Larvik arbeider til dagleg som teiknspråktolk, og fortel at det finst mange feiloppfatningar av kva jobben hennar går ut på.

– Mange trur at vi er hjelparar for dei døve, og at vi «følgjer» ein døv person, seier Johnson, og forklarar at ein del av yrket kan gå ut på å følgje døvblinde, men at jobben rommar meir enn det.

Ho forklarar òg at det finst fleire tolkemetodar, noko folk flest nok ikkje er klar over.

Ein kan tolke mellom teiknspråk og norsk, frå talespråk til skriftspråk, og ein kan drive med såkalla taktil kommunikasjon, haptisk kommunikasjon eller taletolking. Nokre former inneber teiknspråk med hendene, andre berøring og nokre gongar handlar det om å gjenta tale.

– Så det kan altså vere ein veldig variert jobb, forklarar Johnsen.

Frå tilfeldig årsstudium til karriere

Karoline Marie Hjertaas Johnsen

Karoline Marie Hjertaas Johnsen fortel at det er tilfeldigheiter som har leia ho inn på yrkesvegen som teiknspråktolk.

Ho våga ikkje å satse på journalistikk og ynskja ikkje å starte på lærarutdanning, men noko måtte ho studere.

– Difor leita eg rundt etter noko som kunne vere nyttig i kva som helst yrke eg etter kvart skulle velje å satse på.

Ho søkte på eit årsstudium i teiknspråk hjå NTNU i Trondheim, og tenkte dette var ekstra kompetanse i bagasjen til ho i framtida skulle studere noko anna.

– Men etter eit år følte eg ikkje at eg kunne nok, og miljøet var heilt fantastisk, så eg valde å søkje meg vidare på bachelor. Eg fekk det vel eigentleg ganske bra til, og treivst godt, så her enda eg rett og slett.

Nytt syn på verda og livet

Johnsen visste såleis ikkje heilt kva ho gjekk til, då ho byrja å studere og seinare fekk seg jobb. Målet var berre å lære seg eit språk, utover det hadde ho ikkje så mange forventningar til kvardagen som teiknspråktolk.

– Så både utdanninga og yrket har verkeleg overraska meg, og gjeve meg eit litt anna syn på verda og livet. Eg har verkeleg vakse på dette, og eg elskar å få innblikk i «ei verd» eg ikkje kunne noko om før eg tilfeldigvis kom inn på studiet. 

Ho fortel at bachelorgraden frå NTNU til ei viss grad førebudde ho på yrkeskvardagen, men at ho gjerne skulle hatt litt meir praksis:

– Det er intenst, og eg lærte utruleg mykje dei vekene eg fekk ha praksis, men eg synest nok det er litt for mykje fokus på teori til at det er eit praktisk yrke, fortel ho, og understrekar at teorien er nyttig, men gjev meir meining når ein har sett korleis ting faktisk fungerer.

Framleis ikkje opplevd ein «normal» kvardag

– For oss finst det ingen «vanleg» arbeidsdag, konstaterer teikspråktolk Johnsen.

Sitt første yrkesaktive år jobba ho som frilansar, og laut ta dei oppdraga som var å få fatt i, anten det varte éin time eller var fulle dagar.

– Det var aldri noko fast inntekt, og eigentleg ganske usikkert, men fridomen til å bestemme sjølv var jo sjølvsagt behageleg når det var nok oppdrag. Det gjeld å vere frampå og vise seg fram på ein måte. 

I august tok ho avskjed med frilanslivet og starta i fast jobb. Sidan koronapandemien har endra arbeidsvilkåra har ho framleis ikkje opplevd ein «normal» kvardag i si nye stilling.

– Men ein må vere fleksibel og takle raske omstillingar. Ein har ein kalender og veit kva ein skal, men det kan endre seg fullstendig i løpet av dagen. 

Karoline Marie Hjertaas Johnsen søkte på fast stilling på starten av fjoråret, fordi ho kjende på eit press om å få fast jobb, men trudde ikkje ho kom til å få han: – Planen min var å forhåpentlegvis gjere eit godt inntrykk slik at eg kunne få jobb der som 1-2 år, ikkje allereie no. Men tilbodet kom, og eg klarte ikkje setje livet mitt på vent, så eg takka ja. Foto: Privat

No arbeider Karoline Marie Hjartaas Johnsen frå heimekontor, og det er generelt færre oppdrag enn før.

– Det gjev ein litt tom arbeidskvardag, og det er ikkje alltid så lett å fylle dagane i ei heilt stille veke. Ein har jo god tid til å lese seg opp på teori, avlese teiknspråkvideoar, tolke videoar og slikt, men det er tungt å halde på med dette åtte timar om dagen.

Samstundes har ho og kollegaane måtta vere løysingsorienterte, og tolkar mykje over video.

 Det er ei god løysing så lenge alt fungerer, men det gjev oss også ein del utfordringar med tanke på det tekniske, og ikkje minst godt nett. Det er også tyngre å tolke over skjem –  i alle fall i mange situasjonar, fortel 23-åringen.  

Tolkar frå fødsel til gravferd

Det mest utfordrande med yrket som teiknspråktolk er å møte menneske i alle livets fasar og situasjonar, forklarar Johnsen.

– Vi plar å seie at vi tolkar frå fødsel til gravferd, og alt i mellom. Og om du tenkjer litt, så er det ganske mykje innhald i eit liv frå start til slutt. Ein må takle mykje, og det kan vere lurt å ha nokon strategiar på dette.

Det er difor viktig at ein er glad i menneske, om ein vurderer å verte teiknspråktolk. Ein møter mykje forskjellig, både på godt og vondt.

– Det er også ein fordel å vere interessert og flink i språk, men det er jo faktisk noko ein kan lære seg. Det er viktig at ein kan jobbe sjølvstendig, men òg samarbeide godt. Vi jobbar ein del aleine, men vi har òg lengre og større oppdrag, då er vi to eller fleire tolkar.

– Kva er det beste med jobben? 

– Dette er eit vanskeleg spørsmål eigentleg, men eg trur nok det er kjensla av å vere viktig for nokon. At eg gjer ein jobb som gjev andre eit betre liv på ein måte, svarar Johnsen og utdjupar:

– Det er så avgrensa korleis døve får tilgang til informasjon, så å kunne bidra til betre kommunikasjon på deira førstespråk er ei veldig god kjensle.

Go for it!

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

– Go for it! Men ver klar over at det å lære eit språk i løpet av tre år krev mykje innsats. Du må vere sosial, ivrig og interessert. Og så må du tore å løfte hendene, vere nysgjerrig på språket og døvemiljøet.

Samstundes lyt ein vere klar over at det kan vere vanskeleg å få seg fast jobb eller eit vikariat, fortel tolken.

– Ein må rekne med å jobbe som frilans ei stund først (slik det er no), men det går veldig fint det òg altså!

– Kva draumar har du for framtida? 

– Når det kjem til yrket mitt, drøymer eg kanskje om meir forståing og kunnskap i samfunnet. Det ville heilt klart gjort jobben enklare. Berre noko så lite som å forstå at det vert mykje betre tolking om vi får litt førebuing før eit oppdrag.


  • Vil du lære deg å seie «tusen takk» og  «ha det bra» på teiknspråk? Lær av Kaia!

Norsk teiknspråk er språket som Kaia Borrebæk brukar når ho skal snakke med folk, utan tolk går kommunikasjonen lettare.

Karoline Marie Hjertaas Johnsen

Alder: 23 år 

Fra: Larvik, bur i Sandefjord 

Yrke: Tolk for døvblinde, døve og døvblitte. 

Utdanning: Bachelor i Tegnspråk og tolking ved NTNU Trondheim (2016-2019)