Ny giv for dei svakaste elevane

Nye rapportar frå prosjektet NY GIV viser at dei svakaste elevane har hatt utbyte av tiltaka.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) lanserte prosjektet Ny GIV hausten 2010. Det er mynta på dei elevane som har dei svakaste prestasjonane i ungdomsskulen og på vidaregåande skule, og skal gå ut neste år. Alle kommunane i landet har dette tilbodet frå og med dette skuleåret.

Les også: Kunnskapsløftet har ikkje ført til lågare fråfall i vidaregåande.

Dei tre første av til saman fire rapportar som evaluerer ulike sider ved intensivopplæringa vart lagt fram fredag, og evalueringa viser at tiltaket fungerer etter målet. Det er elevane som presterer aller svakast som har hatt størst utbyte av tiltaket.

Forutan mindre fråfall i vidaregåande, har dei svakaste elevane i siste år på ungdomsskulen har hatt god nytte av intensivopplæring i lesing, skriving og rekning, viser rapporten. 

Les også: – Elevane må glede seg til skuledagen

Auka motivasjon
– Det er gledeleg at det er så stor oppslutnad om Ny GIV både blant skuleleiarar og lærarar, men aller viktigast: Elevane opplever at det gir auka motivasjon og læring. Evalueringa viser at elevane gjennom Ny GIV får nye moglegheiter til å lykkast, seier Kristin Halvorsen.

For statsråden er det særleg to utfordringar ho vil følgje opp. For det første må kommunane klare å tilby intensivopplæring til dei svakaste elevane. For det andre må skuleleiarane bli flinkare til å ta i bruk den kompetansen dei har tileigna seg.

Evalueringane er gjort av Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning, Statistisk sentralbyrå og Uni Rokkan-senteret på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Nordlandsforsking kjem med si evaluering i 2013.

Les også: Seks av hundre unge mottek hjelp frå NAV

Større tru
Slik svarar skoleleiarane, lærarane og elevane i evalueringane:

*Åtte av ti skuleleiarar synest at tiltaka fungerte svært godt på deira skule.

*Ni av ti lærarar som deltok på kompetanseheving i regi av Ny GIV, var nøgde.

*Tre av fire elevar som har delteke synest det dei lærer er interessant og nyttig. Elevane opplever at lærarane har større tru på dei og at det blir stilt høgare krav til dei enn i den ordinære undervisninga.