Ny satsing på unge forskartalent

Unge forskarar er mest kreative. Difor vil Forskingsrådet no satse millionar av kroner på unge forskarstalent.

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på unge forskartalent

Tidlegare i haust kom nyheita om at Forskingsrådet vurderte å øyremerke midlar til unge forskarar. No har dei endeleg bestemt seg.

Les også: Meiner statsbudsjettet for 2013 nedprioriterer heiltidsstudenten

Titals millionar
Det er i forslaget til nytt budsjett for 2014 at Forskingsrådet har kome fram til at for mange unge forskarar ikkje får utvikla potensialet sitt. Satsinga «Unge forskertalenter», som er avhengig av positiv handsaming i statsbudsjettet, skal etter planen sprøyte titals millionar inn i nye talentmidlar.

Bakgrunnen er at for mange talent forsvinn ut av akademia for tidleg, eller at dei ikkje endar opp der i det heile tatt. 

– Vi meiner det er avgjerande at nokre av dei fremste talenta vel å bli i akademia fordi framtidig kvalitet i høgare utdanning er avhengig av nettopp desse. Det andre er fornying og djervskap i forsking. Vi trur at det er viktig at dei unge talenta relativt tidleg får skape sin eigen forskingsvei, seier divisjonsdirektør i Forskingsrådet, Anders Hanneborg  til forskerforum.no

Les også: Prioriterer petroleumsforsking

Mest kreative
Samstundes har Forskingsrådet funne ut at det er eit gap mellom postdoktor-stillingar og faste stillingar. Dette kan føre til at mange unge heller vel å arbeide andre stader enn i akademia, at dei ikkje oppfattar forsking som attraktivt arbeid fordi tilsetjingssituasjonane er såpass usikre.

Forskingsrådet vil ikkje slutte å satse på eldre forskarar, men seier dei kjem til å satse ekstra på dei unge i framtida:

– Dei fleste store forskarar har gjort dei største oppdagingane sine tidleg i karrieren. Det blir gjort mykje fremragende av dei etablerte – men den mest kreative perioden er tidleg i karrieren. Samstundes veit vi at gjennomsnittsalderen på dei som mottek støtte frå oss er over 50 år. Difor ynskjer vi å leggje større vekt på dei unge enn vi har gjort til no, held Hanneborg fram.

Satsinga «Unge forskertalenter» kjem i tillegg til at Forskingsrådet har utpeika ti nye nasjonale forskarskular, som til saman får 218 millionar kroner for å forbetre doktorgradsutdanningar.

Les også: Hardare kamp om kloke hovud