– Regjeringa satsar ikkje på morgondagen
Norsk Studentorganisasjon meiner statsbudsjettet for 2013 nedprioriterer heiltidsstudenten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årets framlegg til statsbudsjett for 2013 gir studentane ei auke i studiestøtta på 1900 kr i året og økonomisk støtte til bygging av 1000 nye studentboligar i året . Nestleiar André Almås Christiansen i Norsk Studentorganisasjon (NSO) meiner prioriteringa er skuffande.
– Årets framlegg til statsbudsjett er ein skikkelig nedtur for studentane. Regjeringa satsar verkeleg ikkje på morgondagen, seier han.
Ansvarsfråskriving overfor heiltidsstudenten
I Soria Moria II står det at alle skal ha rett på lik utdanning, og at det skal vere mogleg å studere på heiltid. Christiansen meiner det er oppsiktsvekkande at regjeringa ikkje klarer å halde lovnadene sine.
– Det fungerer ikkje å vere heiltidstudent med studiestøtta som blir gitt i dag. Regjeringa klarer heller ikkje å betre ordninga for studentar med barn på ein tilfredstillande måte, seier han.
Regjeringa vil neste år bevilge økonomisk støtte til bygging av 1000 nye studentboligar, det vil seie ei videreføring av satsinga dette året.
– Dette er ei stor ansvarsfråskriving frå Regjeringa si side. Mange studentar opplev å stå utan bolig ved studiestart, noko som gjer dette til ei prekær og viktig sak. Her klarer ikkje regjeringa å levere, dei skyv heller problemet framfor seg, seier Christiansen.
– Vi har halde løfta våre
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner regjeringa har prioritert studentane.
– Vi har holdt løfta våre. Vi har sjølvsagt ei utfordring i studiefinansieringa. Alle skal kunne ta høgare utdanning, uavhengig av økonomien til foreldra deira. Studentane må vera innstilt på jobbe i sommarferien. Men det er beklagelig at nokre er avhengige av økonomisk hjelp heimfrå eller må jobbe deltid ved sidan av studia for å få endane til å møtes, seier ho til underdusken.no.
Halvorsen påpeiker at bukostnader utgjer ein stor del av studentane sine utgifter, og at Regjeringa derfor vel å fokusere på å bygge studentboligar framfor å bevilge meir til studiestøtte.
– Vi har bygga dobbelt så mange studentboligar som den forrige regjeringa, og holdt løftet frå Soria Moria II om å bevilge støtte til 1000 nye boligar i året. SV sitt partiprogram for neste periode ønskjer å doble denne satsinga igjen, altså 2000 nye studentboligar i året, seier Halvorsen.
Når det gjeld studentar med barn seier Halvorsen at det er blitt gjort viktige endringar for å betre ordninga.
– Det skal likevel seies at det framleis er ein veg å gå før denne målgruppa får eit tilfredstillande tilbod, seier ho.
LES ALT OM STATSBUDSJETTET HER!
For dårlig kvalitet
Når det gjeld støtte til utdanningsinstutisjonar er nestleiar André Almås Christiansen i NSO fornøgd med at det ikkje har vore nokon reél nedgang i støtte, men likevel meiner han at Regjeringa set høgare utdanning på hald.
– Eg ser stadig døme på at institusjonane slit med å oppretthalde tilfredsstillande kvalitet i tilboda; veiledninga minkar, praksisen held ikkje mål og andelen vitskaplige ansatte per student stuper i takt med regjeringa si auke av studieplassar, skriv Christiansen på NSO sine nettsider.
I følge kunnskapsminister Halvorsen er denne utvikliga i ferd med å snu.
– Tidligare har vi auka antall studieplassar kraftig. Men vi har i år valgt å ikkje gi midlar nettopp på grunn av dette. Frå neste år av vil vi etablere tre nye «Senter for fremragende utdanning», desse vil styrke kvaliteten i dagens tilbod, seier ho.
Christiansen synes det er trist at regjeringa ikkje klarer å levere eit statsbudsjett som tilfredstiller studentar og påpeiker at dette er deira siste sjanse før neste Stortingsval.
– Studentane har blitt oversett i mange år og no blir vi oversett igjen. Regjeringa vil få ei stor oppgåve med å gjennopprette tillitten til studentane etter dette, seier han.
Halvorsen meiner studentane bør sjå framover.
– SV sitt mål er å styrke studiestøtta neste stortingsperiode. Det studentane bør fokusere på no er å følge med på alle partia sine partiprogram for å sjå kva dei står for neste periode, seier ho.
LES SAKA I UNDER DUSKEN!