Prioriterer petroleum

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I Noreg blir det i dag brukt betydeleg meir pengar på forsking på olje og gass enn på fornybare energikjelder. Våre to naboland er langt meir miljømedvitne: I perioden 2000-2008 brukte Sverige og Danmark høvesvis 3,6 og 3,3 gonger meir ressursar på forsking på fornybare energikjelder enn Noreg, ifølgje stiftinga Zero Emission Resource Organisation (Zero).

Dette vil Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (SP-UiO) gjere noko med. I byrjinga av september vedtok dei at dei skal jobbe for at universitetet fasar ut all forsking som aukar eller forlengar petroleumsutvinning.

– Som Noregs største universiteta bør UiO gå føre som eit godt døme. Klimakrisa kjem stadig nærare, og kva gjer vi når olja ein dag tek slutt?, seier Morten Bakke Kristoffersen, leiar for SP-UiO.

LES OGSÅ: Kva vil oljeboomen gjera med oss?

SP-UiB meir forsiktige
Over fjellet går ikkje Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen like langt i å jobbe mot petroleumsforsking.

– SP-UiB har ikkje valt å jobbe mot spesifikke typar forsking. UiB er eit breiddeuniversitet, og forskingstema ved universitetet må som følgjer vere mangfaldig, seier Siri Knapskog, fag- og forskingsansvarleg ved SP-UiB.

Ho seier SP-UiB likevel har ein miljøprofil.

– Vi meiner universitetet har eit internasjonalt ansvar her. Vi meiner at UiB må vere eit forbilde både på forskings- og driftssida, og prioritere forsking på fornybar energi og miljøtiltak.

LES OGSÅ: Utdanning viktigare enn olje

Oppdragsforsking
Medan Forskingsrådet i stadig større grad prioriterer fornybar energi i sine forskingsmidlar, kjem ein stor del av midla til forsking og utvikling innan petroleum frå oljeselskap og leverandørbedrifter. Og det er tydeleg at det er her pengane ligg, òg for mykje av forskinga ved UiB.

Visedekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet Helge K. Dahle har ikkje nøyaktige tal, men anslår at mellom 10 og 20 millionar kroner av grunnløyvinga til fakultetet går til petroleum og ein tilsvarande del til fornybar energi. Hovuddelen av petroleumsforskinga går derimot gjennom eksternfinansierte prosjekt, som han anslår til mellom 50 og 100 millionar kroner.

– Skal eg anslå eksternfinansiert fornybar forsking vil eg tru han er om lag 10 prosent av petroleum per i dag, seier Dahle.

– Hovudkjelda til energi
I tredje etasje på Realfagsbygget er masterstudent Bashir Abdulkader ein av dei som forskar på eit prosjekt som er retta mot petroleumsindustrien. Ved å finne ut meir om korleis gasshydrat fungerer, kan han bidra til å forhindre at desse set seg fast i røyr og blokkerer oljetransport. Han synest det er spennande.

– Eg vil jobbe i petroleumsindustrien. For augneblinken er det hovudkjelda vår til energi, og sjølv om mange tenkjer framover kan vi ikkje ignorere notida. Vi treng å vita meir, seier han.

Masterstudenten trur biletet vil endre seg i framtida, men fryktar ikkje for jobbhøva med det første.

– Eg trur at olje vil spele ei mindre rolle. Men eg trur ikkje petroleumsindustrien vil stoppe heilt opp med det første, legg han til.

LES SAKA I STUDVEST!