«Frp si manglande støtte til Mustafa er umenneskeleg, farleg og truar enkeltindividet»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Framstegspartiet støttar utkastinga av Mustafa Hasan. Dette viser partiets autoritære ansikt.
Frp vil ikkje stoppa utkastinga av Mustafa Hasan, då partiet uttalar at dei ikkje ser på utkastinga av den 18 år gamle guten som ei straff.
Frp underbygger med å uttala at sidan familien ikkje skulle ha kome til Noreg, så er det riktig å kasta ut 18-åringen som har heile livshistoria si her.
- Les også innlegget: «Saka om Mustafa Hasan viser at noko er alvorleg gale med asylsystemet vårt»
Facebook-svar frå Frp
Tallause medlemmar frå Facebook-gruppa «Stopp Utkastelsen av Mustafa» har sendt meldingar til Framstegspartiet si Facebook-side i håp om å få støtte i saka til Mustafa Hasan. I staden får medlemmane skremmande svar frå stortingspartiet.
Dette seier Frp, i fleire nylege svar til medlemmar frå Facebook-gruppa «Stopp Utkastelsen av Mustafa»;


«Hei! Takk for bildet. Mustafa returneres på bakgrunn av at mesteparten av hans familie er der og at han aldri egentlig skulle kommet til Norge. Dette er ingen straff, for det er ingen straff å bo i Jordan. Hilsen Fremskrittspartiet.» (FrP, Facebook)
«Hei igjen, Louise! Vi mener at hele situasjonen er veldig trist og har forståelse for at det er mye følelser og engasjement om saken. Mustafa har ikke grunnlag for opphold i Norge og skal derfor sendes hjem til sitt trygge hjemland. Håper det var oppklarende! Hilsen Fremskrittspartiet.»
Sterke autoritære preg
Det såkalla folkepartiet, som har stått for å kjempa for enkeltindividet, har no sagt seg einig i å nedprioritera menneskerettslege omsyn og barnets beste i Mustafa-saka.
Dette er endå eit eksempel på kor einsidig Frp praktiserer verdiane sine
Dette er endå eit eksempel på kor einsidig Frp praktiserer verdiane sine. Det same partiet som stadig vekk har kritisert byråkratisering og inngrep mot enkeltpersonen, har no lukka augo når det same råkar Mustafa Hasan.
Framstegspartiet aksepterer ei utkasting som ber sterke autoritære preg. Partiet viser likevel ingen skepsis overfor praksisen i lovverket.
Strir imot FNs menneskerettskonvensjon for barns rettar
Frp kan ikkje kalla seg sjølv eit liberalistisk folkeparti om dei støttar utkastinga av 18-årige Mustafa Hasan.
Frp prioriterer altså å fremma streng innvandringspolitikk over å ta menneskerettslege omsyn overfor enkeltindividet.
Mustafa-saka strir tydeleg imot FNs menneskerettskonvensjon for barns rettar, samstundes som utkastinga sender sterke signal om at tilknytting barn har til Noreg, ikkje blir vektlagt over innvandringsregulerande omsyn.
Frp sitt svar i Mustafa-saka viser at tryggleiken til barn og enkeltindivid i Noreg er trua
Frp sitt svar i Mustafa-saka viser at tryggleiken til barn og enkeltindivid i Noreg er trua. Særleg gir det uttrykk for den manglande respekten og solidariteten partiet har til innvandrarbefolkninga.
Eit nytt botnpunkt for Framstegspartiet
Framstegspartiet argumenterer med at det å bli deportert til Jordan ikkje er ei straff.
At Frp hevdar at det ikkje er ei straff å senda ein 18 år gamal gut til Jordan, viser den inhumane og omsynslause tilnærminga partiet har til behova enkeltindividet har.
Frp si støtte av utkastinga speglar eit parti som aktivt truar rettane til enkeltindividet, ikkje eit parti som vernar dei.
Det er hårreisande at det same partiet som stadig vekk omtalar seg som folkelege og går til val for å sikra mindre byråkrati og færre inngrep mot enkeltindividet, samstundes støttar utkastinga av barn som har levd i Noreg sidan dei var 6 år gamle.
Dette er eit nytt botnpunkt for Framstegspartiet, då dette tydeleg viser korleis partiet beveger seg mot å bli eit menneskerettstruande og autoritært parti, i motsetning til sine påstandar om å vere folkelege.
Analfabet i Jordan
Frp si manglande støtte til Mustafa er umenneskeleg, farleg og truar enkeltindividet.
Mustafa Hasan har også all si historie i Noreg, og har ingen kjennskap til eller føresetnadar i Jordan, i den grad at han vil enda opp som analfabet om han blir deportert.
Om Framstegspartiet vil bevara sin eigen integritet som eit liberalistisk folkeparti som kjempar for folk flest, så kan ikkje partiet samstundes støtta ei utkasting som signaliserer det stikk motsette.