Matte-offensiv mot Stoltenberg

Opposisjonen køyrde statsminister Jens Stoltenberg hardt på matte i spørjetimen onsdag, men syntest han strauk i prøven.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgres Erna Solberg påpeikte at Noreg manglar 15.000 ingeniørar og at gapet berre blir større. Ho karakteriserer trenden som svært urovekkjande.

– Det er ingen ting som tyder på at den negative sirkelen kan bli broten dei nærmaste 10– 15 åra. Vi har ei mattekrise i Noreg, og tendensen har dessverre vore tydeleg lenge. Kunnskapen og interessa fell. Dette gir grunnlag for uro, sa Høgre-leiaren.

Ho påpeikte at Noreg treng tusenvis av ingeniørar på fleire grunnleggjande samfunnsområde. Høgre har foreslått ein serie tiltak, men alle er blitt nedstemte i salen.

– De vil openbert ikkje ha forslaga våre. Kva vil regjeringa sjølv gjere, spurte Høgre-leiaren.

LES OGSÅ: Frå matteskrekk til mattemeistring

Stoltenberg sa at regjeringa vil innføre fleire mattetimar, stille krav til lærarstudentar, tilby etter- og vidareutdanning, i tillegg til å avmystifisere matte og realfag både i ord og handling.

– Eg var blant dei som blei sveitt i hendene av matte. No blir eg sveitt av glede over brøkar og prosentar. Det er ein eigen stimulans i livet, sa sosialøkonomen Stoltenberg.

Han viste til at det vert utdanna stadig fleire, men at etterspørselen aukar meir på grunn av den økonomiske veksten i Noreg.

– Vi legg til rette for å utdanne fleire, men er samtidig avhengig av arbeidsinnvandring. Eg er derimot open for nye forslag, dersom dette viser seg ikkje å vere nok, sa Stoltenberg. (©NPK)

LES OGSÅ: – Vi ønskjer å gi matte eit ansikt

Kva meiner du bør gjerast for å få fleire ingeniørar i Noreg?