Sparte 90 veker på klart språk

Etter at Statens vegvesen begynte å skrive meir folkeleg, har dei spart 300 000 nordmenn frå å kaste vekk tid på uforståeleg byråkratspråk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nye og meir lettlesne breva gjer at Vegvesenet har spart inn tid tilsvarande nesten 90 veker, viser ei undersøking gjort av Opinion Perduco i samarbeid med Statens vegvesen. I 2009 rapporterte 1,3 millionar vaksne nordmenn at dei syntest det offentlege skreiv uklart og lite forståeleg. Statens vegvesen tok oppmodinga. No, fire år etter, viser undersøkinga at breva deira er blitt lettare å forstå.

Eit tydelegare språk gjer at Vegvesenet sparer både tid og pengar. No tek folk sjeldnare kontakt for å få oppklart kva Statens vegvesen eigentleg meiner i breva dei har sendt ut. I tillegg sparte Vegvesenet 1,2 millionar berre i porto og papir på å sende ut klårare versjonar av to standardbrev.

– Det er openbert at vi tidlegare ikkje hadde eit godt språk. Folk brukte for mykje tid på breva frå oss, og vi var altfor byråkratiske og vanskelege å forstå, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

– Når vi pålegg folk å gjere noko, og når vi informerer om plikter og rettar, må vi gjere det på eit forståeleg språk, understrekar Gustavsen. Språkarbeidet til Statens vegvesen er ein del av prosjektet Klart språk i staten som Fornyings- og administrasjonsdepartementet lanserte i 2009.

LES OGSÅ: Veit du kva du snakkar om?