Nyheitsquiz: Har det hendt noko anna enn presidentval i USA?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det amerikanske presidentvalet har prega nyheitsbiletet denne veka, men det tyder ikkje at resten av verda har stått stille.

 

Quiz: Nyheitsquiz veke 45

  1. Spørsmål 1 av 11

    1.

    New Zealand har med Nanaia Mahuta fått sin første kvinnelege utanriksminister med urfolksbakgrunn. Kva heiter urfolket på New Zealand?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 11

    2.

    Johnny Depp tapte denne veka i retten mot den britiske avisa The Sun, som han hadde saksøkt for å skade ryktet hans. Kva hadde dei kalla han?

    • Riktig! The Sun kalla skodespelar Johnny Depp ein wife-beater (konebankar), og då meinte dei ikkje singleten som ofte vert kalla det same.

    • Neida! The Sun kalla skodespelar Johnny Depp ein wife-beater (konebankar), og då meinte dei ikkje singleten som ofte vert kalla det same.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 11

    3.

    Varslaren Edward Snowden har søkt om å få russisk statsborgarskap. Kor lenge har Snowden vore i politisk asyl i Russland?

    • Rett svar! Edward Snowden har opphelde seg i Russland sidan juni 2013. Snowden lekte hemmelegheitsstempla dokument om det amerikanske etterretningsprogrammet PRISM, som dreiv overvakning av internasjonal tele- og datatrafikk. 

      Edward Sowden er sikta av amerikanske styresmakter for spionasje.

    • Feil svar! Edward Snowden har opphelde seg i Russland sidan juni 2013. Snowden lekte hemmelegheitsstempla dokument om det amerikanske etterretningsprogrammet PRISM, som dreiv overvakning av internasjonal tele- og datatrafikk. 

      Edward Sowden er sikta av amerikanske styresmakter for spionasje.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 11

    4.

    Det har vore presidentval i USA denne veka (*sjokk*), men kva for ein av desse statane er ein av dei viktige vippestatane som skapte spenning heilt til det siste?

    • Det stemmer! Det vart fort tydeleg at valmennene i California gjekk til Biden, og Alaska held folk på pinebenken lenge, men for resultatet har ikkje valmennene frå Alaska stort å seie. Men i Georgia heldt mange pusten lenge. 

      Staten har ikkje stemt fram ein demokratisk presidentkandidat sidan Bill Clinton i 1992. Trump fekk som venta eit forsprang, men di fleire poststemmer som vart telde opp, di mindre vart forspranget, heilt til Biden gjekk forbi. 

      No vert den mest framståande demokraten frå Georgia, Stacey Abrams, hylla på Twitter for å ha rekruttert stemmene som før har vorte undertrykte.

       

    • Georgia, on my mind! Det vart fort tydeleg at valmennene i California gjekk til Biden, og Alaska held folk på pinebenken lenge, men for resultatet har ikkje valmennene frå Alaska stort å seie. Men i Georgia heldt mange pusten lenge. 

      Staten har ikkje stemt fram ein demokratisk presidentkandidat sidan Bill Clinton i 1992. Trump fekk som venta eit forsprang, men di fleire poststemmer som vart telde opp, di mindre vart forspranget, heilt til Biden gjekk forbi. 

      No vert den mest framståande demokraten frå Georgia, Stacey Abrams, hylla på Twitter for å ha rekruttert stemmene som før har vorte undertrykte.

       

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 11

    5.

    Kven stemte Kanye West på i presidentvalet?

    • Sjølvsagt! Kanye stemmer på Kanye. 

       

      På Twitter skreiv artisten: – I dag stemmer eg for første gong i livet på ein president i USA, og det er på nokon eg verkeleg stolar på…meg sjølv.

    • Å neida! Kanye stemmer på Kanye. 

       

      På Twitter skreiv artisten: – I dag stemmer eg for første gong i livet på ein president i USA, og det er på nokon eg verkeleg stolar på…meg sjølv.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 11

    6.

    USA har sett ein lite ettertrakta rekord denne veka – med flest nye koronasmitta på ein dag. Kor mange vart stadfesta smitta i USA på onsdag?

    • Trist, men sant! Heile 102 591 personar vart stadfesta koronasmitta i USA på onsdag, melder Al Jazeera

      USA har hatt nesten 9,5 million tilfeller av koronasmitte sidan pandemien braut ut og 233 663 menneske har mista livet, og er med det det hardast råka landet i verda.

    • Det er nok verre enn som så! Heile 102 591 personar vart stadfesta koronasmitta i USA på onsdag, melder Al Jazeera

      USA har hatt nesten 9,5 million tilfeller av koronasmitte sidan pandemien braut ut og 233 663 menneske har mista livet, og er med det det hardast råka landet i verda.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 11

    7.

    Kva heiter uvêretsom har prega delar av Sentral-Amerika denne veka?

    • Det er etablert, at du kan dine saker! Eta er absolutt ikkje noko å spøka med. Stormen har herja i Sentral-Amerika og teke livet av minst 50 menneske i ras i Guatemala.

    • Det er etablert, at du må lese meir om Sentral-Amerika! Eta er absolutt ikkje noko å spøka med. Stormen har herja i Sentral-Amerika og teke livet av minst 50 menneske i ras i Guatemala.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 11

    8.

    Denne veka vart tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande si bok. Kva heiter den?

    • Du har lese aviser, men har kanskje ikkje rekt å lese boka? Boka Oppreist kom ut 6. november, og byr på eit innblikk i Trine Skei Grande sin kvardag som Venstre-leiar og det politiske spelet.

    • Du har kanskje ikkje rekt å lese boka? Boka Oppreist kom ut 6. november, og byr på eit innblikk i Trine Skei Grande sin kvardag som Venstre-leiar og det politiske spelet. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 11

    9.

    Kva annonserte statsadvokatar i Rio de Janeiro tysdag at sonen til president Jair Bolsonaro, Flávio, er tiltalt for?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 11

    10.

    Madison Cawthorn vart det yngste medlemmen i Kongressen, då han denne veka vart vald inn frå Nord-Carolina. Kor gammal er han?

    • Det stemmer! Republikanaren Madison Cawthorn er berre 25 år, og i heimstaten sin sigra han over demokraten Moe Davis (62) i kampen for plass i Kongress. 

      Dagens kongress er likevel blant dei eldste noko sinne.

    • Der bommadu med nokre år, gitt! Republikanaren Madison Cawthorn er berre 25 år, og i heimstaten sin sigra han over demokraten Moe Davis (62) i kampen for plass i Kongress. 

      Dagens kongress er likevel blant dei eldste noko sinne.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 11

    11.

    Kvifor har Twitter permanent stengt ute tidlegare Trump-rådgjevar Steve Bannon?

    • Utruleg, men sant! Den kontroversielle politiske figuren uttala i ein video på sine politiske plattformar at smittevernekspert Anthony Fauci og FBI-direktør Chrstopher Fay skulle vore halshogde. 

      – Eg hadde putta hovuda deira på stakar. Sant. Eg hadde putta dei ved dei to hjørna på Det kvite huset, som ei åtvaring til andre statlege byråkratar, uttala Bannon i videoen som fekk han utestengd frå Twitter.

       

    • Feil! Den kontroversielle politiske figuren uttala i ein video på sine politiske plattformar at smittevernekspert Anthony Fauci og FBI-direktør Chrstopher Fay skulle vore halshogde. 

      – Eg hadde putta hovuda deira på stakar. Sant. Eg hadde putta dei ved dei to hjørna på Det kvite huset, som ei åtvaring til andre statlege byråkratar, uttala Bannon i videoen som fekk han utestengd frå Twitter.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

 

Har du fått med deg desse?

Mental Helse Ungdom er blant dei som er uroa over følgjene koronakrisa får for unge og ber regjeringa ta grep: – Den verste konsekvensen er at folk ikkje orkar å leve lenger.

F.v. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom (Foto: privat).

Om du ikkje får nok av det amerikanske valet og quiz, så kan du alltids prøve det på quiz om høvesvis Joe Biden eller Donald Trump!