Det blir ei annleis halloween-feiring i år, men me hjelper deg med tips til korleis du likevel kan feira – med godt koronasamvit.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Virtuelle escape rooms

Escape rooms er alltid ein slagar, og no finst det mange virtuelle variantar!

Inviter venene dine på Halloween-basert escape room-kveld. Ein kan mellom anna prøve ut Hogwarts-versjonen, eller kanskje sjå kven som vinn the Hunger games?

Spøkelseshistoriar på Zoom

Skru av lyset, finn fram lykta og start forteljarkvelden.

Kven greier å skremma dei andre mest?

Ha virtuell filmkveld

For å unngå at heile kvelden går til å leita etter ein film å sjå, kan de sjekke ut vår skrekkfilm-liste, eller kanskje pandemi-tema er betre?

Så er det berre til å finne fram popkornet og melde frå til venene dine.

Netflix har ei eiga løysing for samstrøyming, elles kan ein bruka den gode gamle: 3, 2, 1-metoden og setje på filmen samtidig sjølv. Bruk chat til å kommentera undervegs!

Graskar-konkurranse

Nytt høvet til å perfeksjonera utskjeringsevnene!

Inviter til konkurranse, og ta gjerne heile seansen på videochat for å sjå korleis dei andre strevar – eller kanskje kan du stele eit tips og to?

Og hugs å ete opp restane!

Kostyme-konkurranse

Om du uansett skal henge med folk virtuelt, kan du gjere det meste ut av det med å køyre virtuell kostymekonkurranse.

Kven får spreidd mest kreativitet og perfeksjonerte kostymer gjennom skjermen?

Og kanskje det er lov å bruka bakgrunnsbilete som tilbehøyr?

Lag ditt eige kostyme

Det kjem ein dag i morgon, og ein gong må det bli mogleg å gå ut og vise kreasjonane sine for alle!

Sørg for at du er klar, og lag ditt eige kostyme!

Lær deg ordentleg Halloween-sminke

Kanskje dette er året for å legge inn all innsats på ansiktet?

Det er trass alt det ein ser mest av på videochat.

Legna Tesselly Disla Jiménez og Janne Desiree sminkar seg sjølv til Halloween, og deler sine tips. Foto: Javier Romero/privat

Bli kjend med andre tradisjonar

Bruk tida på å læra meir om dei ulike halloween-tradisjonane rundt om i verda.

Día de los Muertos i Mexico, Samhain i Ireland og Scotland, Dzień Zaduszny i Polen eller spøkelsesfestivalen i Aust-Asia.

Kanskje finn du litt inspirasjon du vil ta med i di feiring?

Elles kan du sjå The Halloween Tree, ein teiknefilm der ein lærer meir om opphavet til halloween rundt om i verda. I Pixar-filmen Coco feirar dei Dia de los muertos.

Dekorer heime

Aldri har det vore større grunn til å pimpe opp både ute og inne. Her er det berre fantasien  som set grenser! (Berre prøv å ikkje skremme naboane altfor mykje!)

Du kan laga skremmande og ekkel mat å dekorera med, skumle lykter eller anna interiør, og om du lagar noko som varar kan du jo ta det fram att neste år!

Illustrasjonsfoto: Clint Patterson/Unsplash