Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halloween er her og nordmenn over heile landet har teke den amerikanske tradisjonen til seg for lengst. Men det kan ofte vera vanskeleg å finne ut korleis ein skal kle seg ut. Kva med å la sminka gjera hovudjobben?

Med sminke ein har heime eller rimelege sminkesett som kan brukast igjen, kan det bli både billigare, meir miljøvenleg og meir unikt enn til dømes nyinnkjøpte, fullstorleiks kostyme som ein er lei av neste år.

– Bruk fargar

Legna Tesselly Disla Jiménez (27) frå Den dominikanske republikk, har lenge holdt på med sminke. Hennar tips er først og fremst å berre ha det gøy.

– Men også å bruka sterke fargar, gjerne mikse fleire fargar og tenke litt magasin(editorial)-sminke: overdriven og stort.

Foto: Privat

– Du kan bruka det du har

Janne Desire (32) frå Fredrikstad er også glad i å bruka sminke kreativt. Hennar råd er å ikkje gi opp, men heller øva litt.

– Ein kan berre bli betre! Bruk tutorials på Youtube og lær av andre.

Ho meiner ein godt kan bruka det ein har, for å få til kule uttrykk til halloween.

– Om ein til dømes har raud leppestift og svart eyeliner, kan ein laga enkle skrapesår eller munnsår. Har ein augneskygge i bruntonar kan ein enkelt laga mørke ringar rundt augo og gjera seg gamal ved å teikne linjer i «rynkene».

Sjølv byrja ho bruka såkalla «Special effekts»-sminke (SFX) i 2011.

– Då søkte eg på nett og prøvde å laga hud med gelatinpulver, glyserol og vatn i mikrobølgeovnen. Det funka greit, og etter det vart det til min vesle hobby.

Oppskrift: Smink deg gamal på 12 steg

1: Du treng augeskygge i brune tonar, kvit eyeliner og evt. kvit fettsminke som kan kjøpast i leikebutikkar og liknande.

2: Pass på å vere sminkefri når du startar.

3: Lag mørkare ringar under augo.

4: Ta ein mørkare farge i augekroken og litt på lokket opp mot brynet.

5: Marker dei naturlege «sinnarynkene».

6: Hev panna og marker der det kan vere rynker på langs.

7: Marker linja frå nasa og ned til munnen.

8: Lag rynker ved sida av augo, under augo og over nasa.

9: Ta kvit eyeliner eller kvit fettsminke på bryna og bust til desse.

10: Bleik leppene og lag rynker/strekar på leppene.

11: Legg skygge under kinnbeina for å få ein litt hôla effekt.

12: Ta kvit fettsminke i håret for at det skal bli kvitt eller grått.

Oppskrift: Sår-sminke på 8 steg

1: Du treng svart eyeliner anten blyant eller våtliner i krukke, raud leppestift eller raud fettsminke, lysebrun augeskygge, evt. kunstig blod.

2: Lag ein skygge med augeskyggen der du vil ha såret.

3: Tapp raudt rundt der du vil ha sår.

4: Dra raude strekar om du ynskjer skrapesår.

5: Tapp med svart innanfor i det raude området nærast kanten eller midt i, om det er til dømes midt på kinnet.

6: Dra ut svart over eller under det raude der du vil ha skrapemerker.

7: Tapp blod i det svarte, du kan også dra dette utover.

8: Dra striper med kunstig blod på dei raude skrapemerka for å få djupne.