Dette halloween-kostymet kan du lage sjølv

Har du tenkt å kle deg ut på torsdag, men har utsett kostyme til siste liten? Frykt ei!

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 19.10.2020 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du no står med skjegget i postkassa, er kostymelaus, men har ein invitasjon til halloween-fest i handa (eit Facebook-arrangement du les på telefonen), så er redninga her.

Dette kostymet kan du lage sjølv! Og det tek ikkje meir enn ein liten halvtime.

Sjå forklaringsvideoen:

Dette treng du:

  • Papp
  • To gardiner (Vi har gått for kvite, men du kan jo gå for raude og verte brennmanet!)
  • Aluminiumsfolie
  • Glitterband
  • Lim
  • Tusj
  • Stiftemaskin
  • Lyslenskje (Denne kan du sjølvsagt sløyfe om du vil)

Første steg:

  • Teikn ein sirkel på pappen, og klipp ut.

Vi har i god Ingrid Espelid Hovig-stil «juksa litt», og brukar hjelpemiddel til å teikne sirkelen. Ei stor svart søppelbytte. Di større pappsirkel du klipper ut, di større manet!

Når du har sirkelen klar, så klipper du ein mindre sirkel i midten av den.

(Om du er skikkeleg lur så kan du klippe ein sirkel som er så stor at du får hovudet gjennom og maneten sit betre på. Så lure var ikkje vi.)

Det er kulare å vere ein manet enn sexy sjukepleiar/katt/nisse. Foto: Bente Kjøllesdal

Andre steg:

  • Kle pappsirkelen i aluminiumsfolie.

Klipp til folie, og lim den fast på sirkelen. Hugs å klippe til slik at sirkelen i midten framleis er open!

Tredje steg:

  • Dander den eine gardina på pappen.
  • Legg lyslenkja på gardina, og smett batteriboksen gjennom sirkelen, slik at den kjem på undersida.
  • Surr den andre gardina rundt heile, og stapp endane på stoffet opp i sirkelen på undersida.

Fjerde steg:

  • Klipp lange remser av glitterband
  • Fest remsene på undersida av pappen med stifter

…og VOILÀ! Du er ein manet! Skumlaste kostymet på festen?

Topp gjerne det heile med ein berepose i plast til handveske, for det er skremmande det!