Cannabisbruk blant unge aukar for første gong på ti år
Helsestyresmaktene ser no ein auka bruk av cannabis blant 15–16 åringar, samtidig som færre trur at slike narkotiske stoff er farlege.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Etter cirka ti år med ganske stabil bruk av cannabis i ungdomsgruppa 15 til 16 år, ser vi no at det har vore ein auke, seier Elin Kristin Bye, seniorforskar ved avdeling for rusmiddel og tobakk i Folkehelseinstituttet til NRK.
Frå 2007 til 2015 hadde cirka 6,2 prosent av ungdommane prøvd cannabis nokre gonger. I 2019 var delen 8,7 prosent.
Eksponering
Bye trur auken kan ha ein samanheng med at rusmiddelet har vorte snakka om, brukt og vist i fleire TV-seriar.
– Jo tidlegare du byrjar å bruke cannabis og jo oftare du gjer det, jo større risiko er det. Bruk av cannabis blant så unge menneske som vi snakkar om her, er uheldig, for då er hjernen framleis i utvikling og meir sårbar for det rusgivande stoffet THC som er i cannabis, seier Bye.
30 prosent av elevar i 10. klasse med cannabiserfaring opplyste at dei hadde brukt etande produkt som inneheld verkestoffet THC, medan 20 prosent hadde drukke brus, iste eller liknande som inneheldt dette.
– Det kan jo bety at terskelen for å prøve kan bli lågare, for no er det sånn at det er ganske få ungdommar som røykjer, og det må du jo kunne for å bruke det på den tradisjonelle måten, seier forskaren.
Ny kampanje
Helsestyresmaktene lanserer tysdag ein ny kampanje for å nå fram til unge med informasjon om cannabis. Dei har oppretta nettsida Wedeensenteret , og laga informasjonsvideoar som skal publiserast på Tiktok, Snapchat, Instagram og YouTube.
– Det er veldig viktig for oss at den informasjonen unge får frå oss, ikkje kjem med ein moralsk hale, men er truverdig og påliteleg, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør for folkehelse og førebygging i Helsedirektoratet.
Her kan du sjå ein av informasjonsvideoane Helsedirektoratet har laga: