«Folkeopplysningen» nominert til Emmy
NRK-programmet er nominert for den omdiskuterte episoden der programleiar Andras Wahl freista å påverke skulevalet i Lillestrøm med falske nyheiter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Folkeopplysningen» er nominert til den prestisjetunge Emmy-prisen i kategorien «Non-Scripted Entertainment», melder NRK.
Det er den omdiskuterte episoden, der redaksjonen prøver ut falske nyheiter og valgomatar i møte med elevar på ein vidaregåande skule i Lillestrøm, som har sikra nominasjonen. Stuntet vart beskrive som eit eksperiment.
Programleiar Andreas Wahl har reagert på Emmy-nominasjonen på denne måten, via Twitter:
Hellige ku. #Folkeopplysningen er visst nominert til Emmy! https://t.co/QOTYlbbI5O
— Andreas Wahl (@vitenwahl) September 24, 2020
Konkurrerer mot «MasterChef»
«Folkeopplysningen» er nominert i klassen «Non-Scripted Entertainment», der den skal bryne seg mot brasilianske «Canta Comigo», sesong 3 av thailandske «MasterChef» og australske «Old People’s Home for 4 Year Olds».
Vinnaren blir kunngjord under ein seremoni i New York 23. november.
– Det er fantastisk å sjå «Folkeopplysningen» hevda seg i denne kategorien, der serien er nominert saman med sterke og velkjende format som har vorte produserte i mange land, seier Jan Egil Ådland, prosjektredaktør i NRK.
Teddy TV lagar «Folkeopplysningen» for NRK, og produsent Tor Erik Olsen seier dei er stolte og glade for nominasjonen.
Les også kommentaren frå Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker: «Forsøket på manipulasjon av skulevalet viser at me treng stemmerett for 16-åringar»