LNU klagar NRK til PFU for «Folkeopplysningen» sin valpåverkingsepisode

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skulevalet er ein viktig arena for demokratiet. Det er ein demokratidugnad på vegner av unge menneske. Denne tuklinga vert opplevd som eit hån mot det harde arbeidet ungdomspolitikarane legg i skulevalet.

Det seier Isa Maline Isene, styreleiar i Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), i ei pressemelding som Framtida.no har fått tilgang til.

Der annonserer organisasjonen at dei klagar inn NRK for Pressens Faglige Utvalg (PFU) for Folkeopplysningen sin episode «Make Lillestrøm great again» og forsøket på å manipulere skulevalet ved Lillestrøm vidaregåande skule i fjor.

Det var Medier24 som først omtalte saka.

– Uetisk og udemokratisk

LNU meiner statskanalen braut Ver Varsam-plakaten sine punkt 1.5, 3.2, 3.3 og 3.10, då dei i løpet av ei halvt år systematisk freista påverke røystinga til vidaregåandeelevane.

Ved hjelp av falske nyheiter og falske profilar på sosiale medium freista Folkeopplysningen å manipulere elevane til å stemme Senterpartiet i det komande skulevalet.

– Vi ser svært alvorleg på denne saka. Ikkje berre fordi statskanalen tukla med eit skuleval som også inkluderte førstegongsveljarar, men også fordi dette er ei haldning som stadig gjentek seg: at unge ikkje vert tekne på alvor som samfunnsaktørar, seier LNU-leiar Isa Maline Isene, som kallar stuntet uetisk og udemokratisk.

Ungdomspartia støttar klagen

Episoden skapte enorm debatt, og NRK laut svare på mykje kritikk.

– Det er heilt uakseptabelt det NRK har gjort, sa dåverande leiar i Senterungdommen, Ada Arnstad, til Framtida.no då valmanipuleringa vart avslørt i september.

LNU har fått støtte til PFU-klaga frå ungdomspartia AUF, FpU, KrFU, Senterungdommen, Grøn Ungdom, Raud Ungdom, SU, Unge Høgre og Unge Venstre.

Etikkredaktør i NRK, Per Arne Kalbakk, seier til Medier24 at det er ferietid hjå kringkastaren og at dei difor enno ikkje har rokke å gå inn i klagen.

Ver varsam-plakaten

1.5. Det er pressa si oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

3.2. Ver kritisk i val av kjelder, og kontroller at opplysninger som vert gjevne er korrekte. Det er god presseskikk å tilstrebe breidde og relevans i val av kjelder. Ver spesielt aktsam ved handsaming av informasjon frå anonyme kjelder, som tilbyr eksklusivitet, og informasjon som er gjeven frå kjelder mot betaling.

3.3. Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles overfor kjelder og kontaktar. Avtale om eventuell sitatsjekk bør verte inngått i førekant av intervjuet, og det bør gjerast klart kva avtala omfattar og kva tidsfrister som gjeld. Redaksjonen sjølv avgjer kva som endeleg vert publisert.

3.10. Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre verte brukt i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste mogelegheit til å avdekke forhold av vesentleg samfunnsmessig betydning.

Kjelde: Pressens faglige utvalg