Engelsk dominerer det norske barn og unge ser på YouTube, dataspel og i filmar

Språkrådet føreslår ei prøveordning med støtte til norsk innhald på YouTube.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når du spelar skal det vere rask, kort og presist. Eit ord som «anti-aliasing», kva søren er det på norsk? Du kjenner igjen dei orda, då seier du dei heller på engelsk.

Det forklarar ein av 18-åringane som Språkrådet har intervjua i samband med den siste Barn og medier-undersøkinga til Medietilsynet.

I årets Barn og medier-undersøking har nemleg barn og unge for første gong fått spørsmål om kva språk dei brukar mest når dei ser TV-seriar og filmar, spelar dataspel og ser videoar på YouTube.

Tala syner at engelsk dominerer. 

For seks av ti norske 9-18-åringar går det mest i engelsk på underhaldningsfronten, medan norsk dominerer for fleirtalet når det kjem til nyheiter.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, meiner  Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

Medietilsynet-direktør Mari Velsand seier i ei pressemelding at endå det er positivt at norske barn vert betre i engelsk, så lyt dei også ha tilgang på medieinnhald på norsk:

– Det er viktig både for å utvikle språket og ta vare på identiteten.

Undersøkinga syner også at prosentdelen som brukar norsk vert mindre di eldre ein er.

I aldersgruppa 17-18 år er det berre seks prosent som brukar mest norsk på YouTube, fire prosent brukar mest norsk i tv-seriar og film og 11 prosent når det kjem til dataspel.

Sjå også Språkrevyen med Stella og Vanessa, som tek føre seg undersøkinga: 

Etterlyser norske alternativ

Språkrådet har utvikla språkspørsmåla i samarbeid med Medietilsynet, og til NRK uttrykker språkdirektør Åse Wetås uro over tala.

– Det er dramatisk at det er så lite norsk i digitale flater, spesielt når vi veit at barn og unge brukar mykje tid der, seier Wetås til NRK.

I ei pressemelding peikar Språkrådet på at YouTube vert nytta av ni av ti barn og unge i landet, og etterspør ei prøveordning som skal bøte på engelskdominansen.

I ein kronikk publisert hjå Medietilsynet utdjupar språkdirektøren, og skriv at det er vanskeleg for norske produsentar å slå frå seg, når dei konkurrerer med store utanlandske aktørar med svulmande finansielle musklar.

– Vi ynskjer oss ei prøveordning med støtte til kvalitetsinnhald på norsk på YouTube, fordi det kan gjere at barn og unge møter sitt eige språk også på den plattforma, seier Wetås i pressmeldinga.

Om ikkje norsk er eit reelt alternativ på fleire område, kan norsk verte eit fattigare språk, åtvarar språkdirektøren.

Dette er språka som vert mest nytta av 9-18-åringar: 

YouTube 64 prosent seier engelsk vert brukt mest,
14 prosent seier norsk vert brukt mest,
og 15 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk.
Dataspel 63 prosent seier engelsk vert brukt mest,
17 prosent seier norsk vert brukt mest,
og 14 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk.
Film, seriar og tv 62 prosent seier engelsk vert brukt mest,
16 prosent seier norsk vert brukt mest,
og 16 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk.
Sosiale medium 32 prosent seier engelsk vert brukt mest,
44 prosent seier norsk vert brukt mest,
og 19 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk.
Nyheiter 14 prosent seier engelsk vert brukt mest,
68 prosent seier norsk vert brukt mest,
og 12 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk.