Fleire fullfører vidaregåande: Sogn og Fjordane toppar statistikken
78,1 prosent av elevane som begynte på vidaregåande i 2013 fullførte. Det er ny rekord. I Sogn og Fjordane fullfører 83 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er bra at stadig fleire elevar fullfører og består vidaregåande. Mange skular gjer ein god jobb, men vi har framleis ein veg å gå. Regjeringa sitt mål er at minst ni av ti skal fullføre. Derfor kjem vi med ein reform av heile vidaregåande skule til våren, som skal gi alle moglegheit til å lykkast, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.
Aukande tal sidan 2006
Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at talet som fullfører har auka årleg sidan 2006.
Elevar som tek studieførebuande fullfører i større grad (87,6) enn dei som tek yrkesfag (67,5).
Talet elevar som fullfører vidaregåande har auka i alle fylke. Flest fullfører og består i Sogn og Fjordane med 83 prosent, medan 67 prosent fullfører i Finnmark.
Ny reform
Regjeringa varslar no ny reform til våren.
– Dagens vidaregåande opplæring har fleire utfordringar. Mange elevar byrjar utan å ha grunnleggande ferdigheiter i norsk, matte og engelsk som dei treng for å fullføre. Vi veit at stadig fleire slit med psyken, og at du berre har rett til opplæring i tre år blir opplevd som eit hinder. Dette skal vi ta tak i med reforma av vidaregåande opplæring, seier Melby.
- Les også: «Eg gjorde ingenting i eitt halvår»