«Eg gjorde ingenting i eitt halvår»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg gjorde eigentleg ingenting det halvåret då eg droppa ut av vidaregåande. Det er veldig kjipt, seier Samira Christina Denz. I to år har ho hatt pause frå vidaregåande.

Denne dagen er 20-åringen attende på Kulturhuset Samsen i Kristiansand, der den alternative skulen Gateakademiet held til.

Gjensynet med sosialfagleg koordinator Silvia Sundelin, som tok imot Samira då ho byrja på Gateakademiet, er gledeleg.

Munnen snakkar ustanseleg og auga lyser. Samira framstår som ei engasjert jente med bøttevis av energi, som berre innimellom må ta ein pustepause for å finna dei riktige orda.

Men det har ikkje alltid vore slik.

LES OGSÅ: Tett oppfølging hindrar fråfall i skulen

Positiv trend i Vest-Agder
I femårsperioden 2009-2014 slutta 16 prosent av norske elevar på vidaregåande skule.

Fråfallet er størst blant gutane og i yrkesfaga, der berre 58 prosent fullfører i løpet av fem år.

Vest-Agder og Rogaland skil seg ut med at fleire ungdommar fullfører yrkesfag. I desse fylka fullfører 65 prosent.

Fylkesutdanningssjef Arly Hauge i Vest-Agder forklarte til Aftenposten i fjor at fylket satsar på tett oppfølging av «risikoelevar», særleg i overgangen mellom første og andre trinn.

I tillegg har to vidaregåande skular i Kristiansand og ein i Vennesla hatt eigen Nav-rettleiar på skulen sidan 2014. Dette forsøket er sidan vorte utvida til utvalde skular i fylker over heile landet.

Skulelei
– Eg har alltid hatt kjensla av at lærarane ser ned på meg, fordi eg ikkje er så flink på skulen, seier Samira

Ho starta skulegangen sin i Tyskland. Mora har fortalt at ho gledde seg stort til å byrja i førsteklasse, men vart motlaus då ho opplevde vanskar med å lesa og skriva. Denne kjensla vart med ho då ho flytta til Noreg som 11-åring.

– Eg har teke masse prøvar, men me har aldri funne ut kva som er gale med meg. Så eg er på ein måte berre spesiell.

20-åringen er ikkje heilt sikker på kvifor skulesystemet har passa så dårleg for ho, men ho likar valfridommen og den individuelle oppfølginga på Gateakademiet. I tillegg til å utvikla seg fagleg, merkar ho at erfaringa har gjort ho meir sjølvsikker.

Samira trur det ville vore til hjelp å få vere meir kreativ på skulen og saknar eit system som ser den enkelte elev sine eigenskapar.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Oppdaga Gateakademiet
I førsteklasse på vidaregåande var Samira så skulelei at ho ikkje søkte seg vidare på andreåret på interiør og designlinja. Etter om lag eit halvt år ute av skulesystemet kom ein telefon frå rådgjevaren, som leste opp kva moglegheiter Samira no hadde.

Det var då Gateakademiet på Samsen kulturhus først vart nemnt.

Her får ungdommar mellom 16-25 år, som står utanfor jobb og skule, tilbod om opplæring i Musikk & Produksjon, Idé & Trykk, Foto & Grafisk eller Form & Design.

Samira kjente til Gateakademiet gjennom filmkurs på kveldstid, og etter ei kort omvisingsrunde var ho sikker på at dette var plassen for ho.

LES OGSÅ: – Risikerer fråfall og varig arbeidsløyse

Tilbake på skulebenken
Den tidlegare eleven boblar over av entusiasme og ser ikkje bort frå at ho ein vakker dag kjem attende til Gateakademiet for å jobba – noko koordinator Silvia gler seg over.

– Gateakademiet støttar deg – dei ser kva du likar og høyrer på deg. Dei gir deg den støtta du treng for at du faktisk kan klara det, at du blir litt meir open og kan finne din plass i samfunnet. Eg følte meg litt som ein outsider. Men det er du sjølv som gjer deg til outsideren, det er ikkje dei andre. Du må berre endra attituden din. Det har veldig mykje med din innstilling å gjere, fortel Samira.

Sjølv har ho aldri sett på seg sjølv som «skuletypen». Ho er ikkje begeistra for måten systemet prøver å gjera alle elevane like på. Etter eitt halvt år heime og halvanna år på Gateakademiet har ho likevel innsett at det er viktig å fullføra skulen.

Gateakademiet følgjer opp elevane med ein årleg telefonsamtale i to år etter at dei er ferdige med opplegget. Stort sett vel over halvparten å fullføra vidaregåande etterpå, andre går ut i jobb eller anna, som folkehøgskule.

LES OGSÅ: – Reglane er eit signal om at nokre ikkje passar inn

Vaskeskrekk
– Eg er veldig glad for at eg hadde ein pause frå vanleg vidaregåande skule, fordi eg trengte å vere litt meir vaksen for å fullføra skulen, seier Samira.

20-åringen har no gått tilbake til linja ho droppa ut av for to år sidan. Der går ho i klasse med 16-17-åringar. Ho trur tiltak som Gateakademiet kan hjelpa fleire i hennar situasjon.

Ho meiner ein pause frå skulegongen kan vere lurt, berre han ikkje vert så lang at det vert vanskeleg å koma attende.

– Men det året burde du ikkje berre sitte heime. Du burde jobba, reist til utlandet, eller prøvd noko som kunne vore framtida di, seier Samira.

– Den eine sommaren var eg til dømes vaskehjelp. Og mamma og Silvia sa at om du ikkje tek utdanning, så bli dette jobben din.

Samira og Silvia ler godt.

LES OGSÅ: Einsame elevar tenkjer mest på å droppe ut

Utfor utdanning
Men det å gå ut av eit vanleg skuleløp, er ikkje berre lett. Då ho slutta på vidaregåande merka ho fort at ho følte seg utfor, fordi venane gjekk vidare og opplevde ting på skulen.

– Det er veldig trist å tenkja på at du kan føla det sånn heile livet ditt, seier Samira, som merkar at ho framleis har ein «gap» til dei venene som no er ferdig på vidaregåande og går vidare på universitetet.

– Eg syns jo at Gateakademiet burde vorte større, slik at alle dei som ikkje finn seg til rette på skulen kan finne sin plass der dei kan vere seg sjølv. Gateakademiet var liksom min plass der eg kunne vere meg sjølv og gå vidare – for så å kome tilbake og prøve meg på nytt på skulen.

LES OGSÅ: Slik påverkar fråvær sjansen for å få læreplass

Draumen om filmen
Sjølv ser Samira på seg som ein drøymar, som vart veldig takknemleg for å møte folk som ho opplevde hadde trua på ho og hennar eigenskapar. 

På fritida skriv Samira på eit filmmanus og drøymer om å verte filmskapar. Etter vidaregåande ser ho for seg å få arbeidserfaring gjennom ulike jobbar.

– Gateakademiet hjelper deg i gang, men til slutt er det berre opp til deg å få det til, avsluttar ho.