Vil ha munnbind i fadderveka

OsloMet ynskjer påbod om bruk av munnbind under fadderveka og i undervising frå studiestart. FHI vurderer bruk av munnbind i enkelte tilfelle.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 02.08.2020 19:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rektor ved Oslo Met, Curt Rice, er uroa for at koronaviruset skal spre seg under fadderveka, og ynskjer påbud om bruk av munnbind. Det var VG som fyrst meldte dette.

Trur påbod må til

Curt Rice. Foto: OsloMet

Utdanningsinstitusjonane kan berre oppmoda til bruk av munnbind, ikkje koma med påbod.

– Ærleg talt trur eg ikkje at eg lukkast med dette utan at styresmaktene seier at det er både klokt og ikkje minst omsorgsfullt å ta på seg munnbind for å redusere sjansen for å smitte ein annan, seier Rice til NRK.

FHI vurderer munnbind

Onsdag gjekk FHI ut med at dei er uroa for smitteoppblomstring under studiestart i haust.

I motsetning til fleire andre land, har dei så langt ikkje tilrådd bruk av munnbind generelt for befolkinga.

Dei fortel likevel at dei vil vurdera om munnbind er eit tiltak dei bør innføre i enkelte tilfelle, som ved aukande smittespreiing og i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand.

– FHI vil vurdere dette i samband med til kollektivtransport, opning av universitet og høgskular, varemesser, kultur- og idrettsarrangement, seier Hanne Eriksen-Volle, seksjonsleder for Resistens og infeksjonsforebygging hos FHI, til VG.

Det vil i så fall kome i tillegg til dei allereie gjeldande retningslinjene om avstand, å halde seg heime ved sjukdomsteikn og god hand- og hostehygiene.

Overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet er uroa for smittefare ved årets fadderveke. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK