«I ei årrekke har vi sett folk med klippekort i media påstå at dei blir sensurerte»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Den siste tida har debatten om transpersonar blussa opp igjen for fullt. Bakgrunnen er utsegner som den bestseljande forfattaren J.K. Rowling har komme med.
Også her til lands har media fråtsa i bufféen som er transdebatten.
Sist ute er Anki Gerhardsen. I Aftenposten 08. juli roper ho varsku om ytringsfridomen sine høve i Noreg og verda. Ho målar eit bilde av eit Noreg der ytringsfridomen er truga, og der ein nærmast ikkje kan kritisera transrørsla. Det er eit bilde som er langt frå sanninga.
Sjølverklærte feministar som Kari Jaquesson og Tonje Gjevjon har nemleg i ei årrekke nærmast hatt klippekort i media for å snakka om transpersonar; ofte har dei komme med svært nedverdigande og uriktige karakteristikkar av denne særskilt utsette gruppa.
Ein uærleg måte å debattera på
Likevel roper transkritikarane varsku om ytringsfridomen, og likevel åtvarar dei om det dei kallar «krenkehysteri». Dei sistnemnte standpunkta deler dei med Anki Gerhardsen, som gjentatte gongar har åtvara om det same i Aftenposten sine spalter.
Framstiller kritikk som sensur og meiningsmotstandarar som «krenka»
Dette er ein uærleg måte å debattera på. Den framstiller kritikk som sensur og meiningsmotstandarar som «krenka».
Ein kan lura på om Gerhardsen forstår at den same retorikken kan snuast på hovudet: Ho kritiserer kritikarane av Rowling. Betyr dette at ho vil sensurera dei? Ho er òg ueinig med dei. Betyr dette at ho er krenka? Om svaret er nei, noko eg går ut ifrå at det er, bør ho nok tenka meir over sin bruk av krenkeomgrepet.
Er eg sensurert av den grunn? Nei.
Fleire samfunnsdebattantar er kritiske til at media skal velja ut kva stemmer som blir høyrde. Det kling merkeleg i mine øyro, når dei stemmene dei er bekymra for, ofte er stemmer som allereie har ein platform. Her kan eg nemna at ein forkorta versjon av dette innlegget blei send inn til Aftenposten – og avvist. Er eg sensurert av den grunn? Nei. Er media med på å bestemma kva stemmer som får komma til orde? Ja.
«Sex is determined by biology»
Over til Rowling: Det er sjølvsagt ugreitt at ho blir utsett for truslar og sjikane. Det er dessverre ikkje overraskande at nokon med 14.3 millionar følgarar blir utsett for hets. Å framstilla det som om Twitter-trolla er representative for kritikken mot Rowling er likevel ureieleg: det er meir enn nok eksempel på sakleg og god kritikk av utsegnene hennar.
At sex er biologisk bestemt er det stor einigheit om, også i transrørsla
Kritikken av Rowling baserer seg blant anna på forsvaret hennar av Maya Forstater. Rowling seier at Forstater mista jobben fordi ho sa at «sex is determined by biology». På engelsk skil ein mellom omgrepa sex (biologisk kjønn) og gender (sosialt kjønn). At sex er biologisk bestemt er det stor einigheit om, også i transrørsla; Rowling feilrepresenterer altså meiningsmotstandarane sine. I essayet hennar blir det òg sett likskapsteikn mellom transkvinner og «farlege menn». Det bør ikkje vera kontroversielt å kalla ei slik samanlikning transfobisk.
I ein nyleg tweet kallar Rowling også hormonterapi for transfolk «ein ny type konverteringsterapi for unge homofile»; her er det underforstått at unge skeive skiftar kjønn for å kunna leva som streite.
- Les også innlegget frå transaktivist Luca Dalen Espseth: – Snakk med oss, ikkje om oss
Merkeleg å framstilla «kjønnsskifte» som enkel utveg
Som ung mann med kjærast av same kjønn, kan eg skriva under på at det er visse utfordingar for skeive i samfunnet i dag. Som ung mann med fleire transkjønna vennar kan eg òg skriva under på at dei møter endå større utfordringar. Å framstilla «kjønnsskifte» som ein enkel utveg for unge skeive er merkeleg, for å seia det mildt.
I tillegg: Dersom Rowling og hennar meiningsfeller verkeleg er bekymra for at folk oppsøker kjønnsbekreftande behandling utan eigentleg å trenga det, bør dei jobba for å gjera livet enklare for folk som bryt med kjønnsnormene – ikkje vanskelegare.
Transdebatten er ein spesiell debatt å følga. I ei årrekke har vi sett folk med klippekort i media påstå at dei blir sensurerte, og at ytringsfridomen deira er under press. Den siste i rekka er altså ein bestseljande forfattar med større formue og fleire følgarar enn nokon transperson i heile verda. Det er eit kunststykke at ho likevel klarer å innta offerrolla.
Les også: Éin av fire LHBT-personar har vore utsett for hatytringar siste året