J.K. Rowling, Margaret Atwood og Salman Rushdie åtvarar mot intoleranse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Illiberale krefter styrkar seg verda over og har ein mektig alliert i Donald Trump, som representerer ein reell trugsel mot demokratiet. Men motstanden mot dette må ikkje føre til nye dogmer og tvangsmessige føringar – som høgre-vridde demagogar allereie utnyttar.

Det skriv ei mektig gruppe journalistar, aktivistar, forfattarar og universitetsprofessorar i eit ope brev for rettferd og open debatt, publisert i Harper’s Magazine.

Frå Handmaid’s Tale til Sataniske vers

Blant dei som har signert oppropet er Handmaids Tale-forfattar Margaret Atwood, Harry Potter-forfattar J.K. Rowling, feminist Gloria Steinem og Salman Rushdie.

Britisk-indiske Rushdie fekk verdas auge retta mot seg i 1989 då han fekk utstedt ein fatwa mot seg av Irans øvste leiar ayatollah Khomeini, etter at han gav ut Sataniske vers.

Fatwaen inkluderte også dei som gav ut boka og då Rushdie sin norske forleggjar William Nygaard vart skoten utanfor heimen sin i 1993, reknar ein med at det har samanheng med dødsdommen frå Khomeini.

Svarte, jødiske, muslimske og transpersonar

I alt 153 kjende kunstnarar og intellektuelle har signert brevet, som vart initiert av Thomas Chatterton Williams, som er skribent for Harper’s Magazine og The New York Times Magazine.

Thomas Chatterton Williams er initiativtakar til det opne berevt publisert i Harper’s Magazine, som er signert av 153 kunstnarar og intelektuelle. Foto: Dominique Nabokov

Williams seier til New York Times at han var uroa for timinga.

– Me ville ikkje bli tolka som om me reagerte på dei pågåande protestane, som me meiner er eit svar på uhøyrde overgrep frå politiet. Men over lengre tid har det vore ei stemning som me alle har vore ganske uroa over.

Williams understrekar at dei ikkje berre er ei gruppe «gamle, kvite menn» som skriv dette brevet, men at forfattarane inkluderar fleire svarte, muslimske og jødiske tenkjarar, personar som er trans eller skeive, gamle og unge, høgrevridde og venstrevridde.

Åtvarar mot offentleg skamming og utfrysing

Brevskrivarane er uroa over det dei meiner er «intoleranse for motstridande idear, ein trend for offentleg skampåførsle og utfrysing, samt ein tendens til å oppløyse komplekse politiske saker i blindgjerande moralsk vissheit.»

Sjølv om dei ikkje nemner omgrepet spesifikt er brevet ein kritikk mot fenomenet som ofte vert kalla «cancel culture», som dreier seg om å ta offentleg avstand frå offentlege personar som uttrykkjer seg eller gjer noko som vert sett på som støtande.

J.K. Rowling er blant dei som nyleg har fått kritikk etter å ha ytra seg på Twitter på ein måte som fleire meinte ekskluderte transkvinner. Twitter-meldinga fekk fleire av Harry Potter-skodespelarane til å ta til motmæle i offentlegheita.

Brevskrivar trakk støtta

Brevet har også fått kritikk frå fleire hald og historikar Kerri Greenidge har trekt si underskrift og varsla at ho vil koma med eit motsvar.

Brevet nemner ikkje nokre saker spesifikt, men er eit svar på fleire hendingar der personar har mista jobben sin som følgje av kontroversielle ytringar.

– Me må bevara moglegheita til ueinigheit i beste meining utan alvorlege profesjonelle konsekvensar. Om me ikkje forsvarar sjølve grunnlaget som arbeidet vårt avhengar av, kan me ikkje forventa at offentlegheita eller staten vil forsvara det for oss heller, avsluttar brevskrivarane.