Samlar seg for design i Stryn

Med kreative verksemder, aktivitet og eigen designklynge, skal Stryn opplevast som Designlandet.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur ein må våge å tenkje stort for å lukkast, seier dagleg leiar i designbyrået Farmhouse, Gro Caroline Flølo.

Saman med Stryn næringshage, Stryn kommune og resten av næringslivet, er dei sentrale i prosjektet BuiStryn-Designlandet. Der vil dei bruke design som verktøy for stadutvikling og bulsyst. I fjor vart dei tildelt 1,8 millionar i Bulyst-midlar og fire delprosjekt er i kjømda. 

– Vi ynskjer å skape aktivitet og nye møteplassar, og vi ynskjer og få fleire kreative menneske til Stryn, seier Flølo.

LES OGSÅ: Cocktail- og traktor-avhengig

Eit designland
Initiativtakarane vil at både tilreisande og fastbuande skal oppleve Stryn som eit designland. At mange allereie assosierar Stryn med design, gjennom bedrifter som Ricco Vero, Skogstad Sport, Sacco of Norway og Moods of Norway, ser dei på som eit viktig utgangspunkt.

– Til å vera ei kommune med 7000 innbyggjarar, skjer det mykje på designfronten i Stryn. Eg trur det handlar om at vi alltid har vore ei gjennomfartsåre, vi er vande med at folk kjem til oss og det gjer oss mange impulsar, forklarar Flølo.

Meir enn sumarski
Designlandet handlar om å gjere Stryn til noko meir enn sumarski og vakker natur. Det er merkevarebygging og stadutvikling. Prosjektet ynskjer å gje ”lyst til å bu, lyt til å høyre og lyst til å skape” og resultata er avgjerande.

­– Det er nok ein del som lurer på kva dette designlandet er, og vi er opptekne av kommunisere ut kva vi gjer. Så er vi avhengige av å få til resultat, forklarar Flølo. 

LES OGSÅ: Kulturnæring for framtida

Delprosjekt
Det fyrste delprosjektet i Designlandet  er å skipe ei designutdanning på høgskulenivå i Stryn, noko dei meiner kommunen har naturlege føresetnader for å få det til. 

Det andre delprosjektet handlar om å skape ei designklynge, ein designambassade, i det nedlagte heradshuset i bygda.

– For oss er nett det huset viktig å ta vare på og få liv i. Det skal verte eit brukshus, og ein stad der teknologi møter designtenking, forklarar Flølo.

Det tredje delprosjektet er utviklinga av ein designlab, som skal vera eit kreativt verktøy for næringslivet, skular, barnehage og folk flest. Det fjerde delprosjektet er Design Stryn, som er eit aktivitetsselskap med 30 medlemsbedrifter.

– Design Stryn skal vera eit aktivitetsbasert konsept, ein møteplass og ein arena der bedriftene kan lære meir om design, seier Flølo.

LES OGSÅ: Rekordmange startar bedrift

Rekruttering
Arbeidet med Designlandet har skjedd i etappe, frå forprosjekt, via utforming av delprosjekt til bulystmidlar og gjennomføring. Sjølv med midlar ut 2013, har dei framleis ikkje midlar til alt dei har lyst til å gjennomføre.

– Eg trur departementet likte koplinga vår av design og distrikt. Bulyst-midla er ei fantastisk grunnfinansiering, men vidare finansiering er noko vi jobbar med, seier Flølo.

Ho meiner det å tenkje langsiktig er ein annan viktig faktor for å lukkast, og legg vekt på samarbeid som ein faktor for å klare nett det.

– Vi tenkjer rekruttering for det treng vi i Stryn. Med å vera stolte av det vi har, er Designlandet eit godt utgangspunkt for nett det, avsluttar Gro Caroline Flølo.

LES OGSÅ: Jobbar 14 timar i døgnet