Kulturnæring for framtida

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur vi må fokusere meir på næringsutvikling og langsiktig verdiskaping i kulturlivet. Det er eit stort potensiale i kultur, derfor må vi auke verdiane og få meir økonomisk gjennomstrøyming.

Det seier Arnfinn Bjerkestrand, som er 2. nestleiar i Norsk Kulturråd og starta debatten i Aftenposten 8. mai. Han meiner kultur kan vera ein viktig motor for å skape eit meir innovativt samfunn og for å auke verdiskapinga i Noreg. 

Potensiale
– Verdiane kulturlivet representerer, kan vera vanskelege å sjå og vi treng nok meir kunnskap. Det er viktig at kulturnæringane er bærekraftige, og det er sjølvsagt eit mål at det vert skapt fleire arbeidsplassar og fleire kan leve av det dei driv med, held Bjerkestrand fram. 

Samstundes viser tal frå ein forskingsrapport utarbeida av Perduco og Menon, at kultur vert stadig viktigare for norsk økonomi. Mellom anna vart talet på sysselsette i kulturlivet dobla frå år 2000 og kulturlivet bidrog med 42 millionar til norsk verdiskaping i 2009.

Næringspolitikk
– Kultur må bli del av næringspolitikken. Det er stor satsing innanfor kulturfeltet, men det er for mykje prosjektfinansiering. Eg tur vi har ein jobb å gjere, med å tenkje meir langsiktig. Det handlar til dømes om å skape gode arenaer, at kunstnarane vert flinkare til å starte bedrifter og at Kulturdepartementet må jobbe med næringsutvikling innanfor kulturfeltet, seier Bjerkestrand.

Han trur mange i kulturlivet er redde for ei kommersialisering av produktet sitt, og at bedriftsspråket kan vera uvant for mange kunstnarar. 

– Kulturbasert næringsutvikling må sjåast i samanheng med andre ting, som reiseliv og distriktspolitikk. Det ser vi fungerer, til dømes i koplinga mellom reiseliv og festivalar. Talentane er ute i kommunane, så det er her næringsutviklinga må skje, avsluttar Bjerkestrand.

Tradisjon og innovasjon
Ei av kulturbedriftene i distrikts-Noreg, er Til Telemark, som held til i Bø. Med utgangspunkt i telemarktradisjonar, formidlar dei folkekultur til mellom anna næringslivet. Folkemusikk, dans, rosemåling og bunadar. Inspirasjon og kreativitet.

– Det starta med at eg tok over garden Brukås, og så var det ein ide om å kunne leve av hardingfela, forklarar Torgeir Straand. I 2008 skipa han bedrifta saman med Marit Svale Svalastog og Hallgeir Ofte. Med å tenkje tradisjon og innovasjon, vil dei få Telemark ut i verda. 

Dei spelar, dansar, serverar, dekorerar, plukkar blomar og kåserar. Anten i telemarksstove, eller i resten av verda.

– Vi har teke utganspunkt i det vi er gode på. Så har vi hatt fokus på å skape eit positivt miljø og på kvalitet i alt vi leverer. Når ein skal starte kulturbedrift, trur eg det er like viktig å vera skulert på kulturfeltet, som det er å ha praktisk erfaring, forklarar Straand. 

Vanskeleg
– Det fantastiske med å drive kulturbedrift, er jo at ein får gjort noko ein likar og trur på. Likevel er det vanskeleg og det er eit ganske nytt område. Systemet og ordningane er rett og slett ikkje tilpassa kulturbedrifter, seier Straand.

Han peikar på at dei opplever eit stort byråkrati. Til dømes må dei operere med fire typar moms, og det finst ikkje tilpassa støtteordningar. 

– Vi dett mellom stolane næring og ideelt kulturarbeid, forklarar Straand. 

Også i det praktiske kan det vera ekstra utfordringar. Alt kan skje – sjukdom, mislukka referanse og uvær, likevel må ein alltid prestere. 

LES OGSÅ: Felespelaren som starta oljeeventyr

Potensiale
– Det skjer mykje kvart år, vi er enno i startgropa og eg trur det ligg eit stort potensiale i kulturnæringane. Når ein skal starte kulturbedrift, trur eg det er veldig lurt å vera fleire og så er det viktig å vera allsidig. Ein må hugse at kulturproduktet, faktisk berre er ein del av det, ein treng slik som bedriftserfaring også, forklarar Straand.

Sjølv om han trur det kan vera lettare å selje stål enn det immaterielle, er bodskapen klår. 

– Er ein flink nok og har pågangsmot i rikt monn, då kan ein selje kva som helst, avsluttar kulturbedriftskiparen.

Les fleire saker om entreprenørskap her!