Ja til innvandring, men…

Dei fleste norske parti er for innvandring. Dei er berre for det på ulike måtar.

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Somme parti er veldig for arbeidsinnvandring, og vil gjerne ha fleire til Noreg som kan reingjere husa våre og servere oss utepils. Men dei same partia er sjeldan veldig positive til folk som kjem til Noreg for å tigge eller søkje asyl.

Andre parti er veldig for at Noreg skal vise solidaritet og ta imot menneske som slit og treng hjelp. Men desse partia er på den andre sida svært skeptiske til at arbeidsinnvandrarar skal kunne kome hit og «stele» jobbane «våre».

Også har du sjølvsagt somme parti som er veldig skeptiske til begge deler. Dei heiter ofte Arbeidarpartiet.

Retten til å flytte seg rundt på jorda er ein grunnleggjande liberal verdi. Difor vil liberalarar alltid jobbe for at det skal bli enklare og friare å bevege seg mellom land – uavhengig av føremål. Vi er ikkje fangar i dei nasjonale fengsla vi tilfeldigvis vart fødde i, og retten til å forlate sitt land er ein grunnleggjande menneskerett.

Den fattige familien som flyktar frå krig i Somalia, og den indiske ingeniøren som søkjer ein spanande og godt betalt jobb for Telenor, har nemleg noko til felles: Ønskjet om ei betre framtid for seg og sine. Dette er ei djupt menneskeleg instinkt, som vi alle ber på: Draumen sin om eit betre liv.

Denne jakta på eit betre liv er også noko som tener alle partar, og som fører til betre ressursutnytting. Verdsbanken har rekna seg fram til at ein auke i global migrasjon på 2 prosent vil utløyse 4600 milliardar kroner i auka global velferd. Det er nesten like mykje som fem norske statsbudsjett.

Auka innvandring er også blant dei mest effektive formene for bistand vi kjenner til. I 2011 sendte innvandrarar heile 2457 milliardar kroner til utviklingsland – tre gonger meir enn all verdas bistand. Og dette er ikkje pengar som går i lommene på korrupte regime, eller forsvinn i endelaust byråkrati. Dette er pengar som går rett til dei familiane som treng dei.

Altfor lenge har vi snakka om innvandring som eit problem som må løysast. Vi bør heller snakke om det som løysinga på eit problem.

Les meir om Unge Venstres nye kampanje, «En verden uten landegrenser».

 

 

QUIZ: Kva veit du om innvandring?