VGTV-journalistar får nynorskpris: – Nynorsk duger, også i VG

VGTV-journalistane Stig Øystein Schmidt og Espen Moe Breivik fekk Alf Helleviks mediemålpris 2020.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har fått høyra at det er «grautmål», og «hipstermål» har eg til og med fått høyre, men stort sett har folk applaudert det, seier VGTV-journalist Espen Moe Breivik på telefon til Framtida.no.

På den årlege sommarfesten til VG torsdag kveld delte Samlaget ut Alf Helleviks mediemålpris til VGTV-journalistane Stig Øystein Schmidt og Espen Moe Breivik, noko som kom som ei gledeleg overrasking på prisvinnarane.

Breivik ser på prisen som ei anerkjenning av kor viktig det er at ei riksdekkjande tabloidavis som VG nyttar nynorsk og håpar at prisen kan inspirera fleire nynorskjournalistar til å halde på målforma i møte med riksmedia.

– Målsaka har aldri vore ei kampsak for meg personleg, men det er hovudmålet mitt. Så har eg merka meg at nynorsk er eit godt journalistspråk, fordi det er enkelt og tydeleg, noko som òg kan vera utfordrande.

Slik ser det ut når VGTV-journalist Espen Moe Breivik sjekka kor flinke nordmenn var å halda to meter avstand:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Husk avstand da folkens, sjølv om det er sol og helg ❤️? Heile vidoen på vgtv.no

Et innlegg delt av Espen Moe Breivik (@espemoe)

Modig og moderne nynorsk

– Prisvinnarane har vist at nynorsk duger, også i VG. Nynorsken deira ser ikkje ut å hindra at bodskapen når ut til publikum, heller til dei unge, skriv juryen i si grunngjeving.

I grunngjevinga løftar juryen at Schmidt og Breivik er svært synlege i VGTV, sjølv om dei er ein språkleg minoritet i det store mediehuset.

– Dei har vore nyskapande i formspråket i ei av dei mest vellukka, digitale TV-satsingane i Noreg. Dei fortel sine korte, fengande TV-historier med ein modig og moderne nynorsk, som appellerer til eit ungt publikum. Dette skjer i eit mediehus som berre unntaksvis slepp til nynorsk i spaltene sine på papir og nett, heiter det i grunngjevinga.

Alf Helleviks mediemålpris har sidan 1998 vorte delt ut til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn, som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.

Prisen er på 25.000 kroner. Tidlegare vinnarar er mellom anna Ole Rolfsrud, Yasmin Syed, Oddgeir Bruaset og Ingvild Bryn.

Møtte nynorskkritikk

Dette er ikkje første gongen VGTV-journalist Stig Øystein Schmidt vekkjer åtgaum for språket sitt.

Tidlegare i år fekk han mykje merksemd då han svara på kritikk frå ein lesar, som klaga på nynorsk i VG.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Vi berre diggar å få skulda for dette! @vgnett #nynorskivg #nynorskpåallearenaer

Et innlegg delt av Noregs Mållag (@noregsmallag)

Speglar lesarane betre

I januar 2017 kom Schmidt frå NRK til VG. Nokre månadar seinare varsla redaktør Gard Steiro at Verdens Gang ville opna opp for meir nynorsk. For denne avgjersla fekk han Nynorsk redaktørpris 2017.

I januar sa Schmidt til Framtida.no at han er glad for at VG opna opp for nynorsk og at det er fleire som tek skriftspråket i bruk.

– Det trur eg er med på å spegle lesarane våre endå betre, men no skal det seiast at talet på nynorske artiklar i VG ikkje er på eit så hårreisande nivå at det gjev nynorskmotstandarane nokon grunn til å klage. Me er ikkje på 25 prosent, sa han den gongen.

– I tråd med VG sine prinsipp og verdiar

Espen Moe Breivik opplever ikkje alltid at det er like tydeleg kva normen er for nynorsk i redaksjonen, men fortel om positive signal på målforma han brukar i VG.

Han meiner det er heilt logisk og burde vore sjølvsagt at ei folkeleg riksdekkjande avis som VG òg nyttar skriftspråket som mange hundre tusen nordmenn brukar som sitt skriftspråk.

– Det meiner eg er i tråd med VG sine prinsipp og verdiar. Det gjer oss meir moderne og rause. Det er ikkje gamaldags, men det motsette, avsluttar journalisten.

Les også Espen Moe Breivik sin tale då han opna Vinjesenteret: «Vinje kunne vore ein god VG-journalist i dag!» 

Oda Malmin og Espen Moe Breivik la fredag ned grunnsteinen til Vinje-senteret. Foto: privat