Vinje kunne vore ein god VG-journalist i dag!

Espen Moe Breivik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne talen heldt VG-journalist (og tidlegare sommarvikar og frilansjournalist hjå Framtida.no) Espen Moe Breivik ved nedlegginga av grunnsteinen for Vinje-senteret fredag 24. mai.

Som VG-journalist så får ein mykje tipsmail. Og eg skal vere ærleg å seie at når mailen med tittelen «Nedlegging av grunnstein for Vinje-senteret» tikka inn i innboksen, så tenkte eg, som den kyniske, tabloide journalisten ein har blitt – at det her ikkje er ei sak for VG.

Når eg seinare fekk telefon, og skjønte at dette ikkje var ei pressemelding, men ein forespørsel til meg om å leggje ned grunnstein, så var det eit stort sjokk.

Og det var sjølvsagt vanskeleg for meg å seie nei. Sjølv om eg har spurt meg sjølv om kor vanskeleg det kan vere å leggje ned ein stein, så er det med stor ærefrykt og stor inspirasjon eg møter opp her.

Ut til der folk bur

Det er også første gong eg her her i vakre Vinje.

Og turen hit får meg til å tenkje på noko som vi journalistar i rikspressa innanfor ring 3 i Oslo treng å bli påminna. Nemleg at Norge er meir enn elektriske sparkesyklar på Karl Johan og kva som skjer i Stortingskorridorane.

Sjølv om ein kjem frå bygda, kan det etter ein del år i Oslo vere vanskeleg å forstå kvifor sentralisering ikkje er ein god ide, kvifor ulven ikkje berre kan få leve og kvifor i alle dagar Senterpartiet får over 50% oppslutning i enkelte kommuner. No offence til ordføraren!

Og når mediebransjen har vore tvungen til å kutte, har nedbemanna og i fleire tilfelle stengd lokale kontor, er det spesielt viktig at vi likevel kjem oss ut til der folk flest bur. Spesielt i eit år med lokalval.

Det trur eg er i ånda til Aasmund Olavsson Vinje.

Oda Malmin og Espen Moe Breivik la fredag ned grunnsteinen til Vinje-senteret. Foto: Nynorsk kultursentrum

Dikting og journalistikk

Vinjesenteret skal vere eit senter for dikting og journalistikk. To ting ein vel i utgangspunktet helst ikkje skal kombinere.

Å ha for god fantasi i journalistikken kan straffe seg, det har vi i VG smerteleg erfart i ein viss kjent sak om ein dansevideo på Bar Vulkan.

Å ha for god fantasi i journalistikken kan straffe seg, det har vi i VG smerteleg erfart

Men ein ting eg brenn veldig for, er å vere kreativ i journalistikken.

Språkrådet skriv at Vinje sto for eit konkret, tydeleg og kort språk. Med djerve samanlikningar, kontrastar, humor, ironi, anekdotar og ein måte å skrive på som folk kunne kjenne seg igjen i.

Det han skreiv skapte reaksjonar, og han vart til og med kalla frekk eller sleip.

Og det blir ein jo ofte som journalist. Utan at det er noko særleg hyggeleg.

Då eg i fjor sommar omtalte fiskeriminister Per Sandbergs omstridte tur til Iran, saman med hans nye flamme Bahareh Letnes, endte eg med å bli omtalt i boka til Sandberg som «den sleipe VG-journalisten Espen Breivik»… Ein heidersbetegbelse, med andre ord.

Humor

Vinje sette ein standard for den moderne journalistikken som eg framleis meiner vi kan lære av.

Det kan framleis vere delar av journalistikken som går over hovudet på folk. Vi er ikkje alltid så tydelege og klarar ikkje alltid å nå ut til folk flest og forstå deira utgangspunkt.

I Vinjes ånd meiner eg at vi må fortsette å fornye journalistikken; måten vi formidlar på og korleis historiefortellinga er både med innhald og det visuelle. Bruken av satire, humor, kontrastar og spissing er også etter mi meining ein viktig del av journalistikken.

I Vinjes ånd meiner eg at vi må fortsette å fornye journalistikken

Vi som arbeider som journalistar er heldige som får betalt for å sette oss inn i temaer, men for folk flest,som har sitt arbeid og sine liv, er det viktig at vi klarer å vere tydelege, fengje og engasjere, samtidig som vi beheld truverdigheit og seriøsitet.

VG sine kjerneverdiar er å vere folkeleg, open og modig. Det betyr at VG ikkje skal vere høgtidleg, skal forstå folk flest, ha humor, vere ærleg og å gå nye vegar.

Sånn sett tenkjer eg at Vinje kunne vore ein god VG-journalist i dag!

Han ville opne og demokratisere samfunnet og journalistikken.

Også her meiner eg vi har ting å lære av. I ei tid der det rår stor skepsis til journalistar og dei tradisjonelle redaktørdrivne mediene, er det kanskje spesielt viktig å opne opp, vise fram og vere ærleg om korleis vi arbeider, kor vi hentar informasjon frå og kva kjelder vi brukar. Anonyme kjelder er av og til nødvendig, men det er aldri dumt å ta med mediebrukarane inn i å forstå korleis vi arbeider. Det har vi ingenting å tape på!

Vinje krevde også danning. Og vi når ein ser i dagens kommentarfelt og alternative nyheitsmedier – eller bloggar, om du vil kalle det det, så ser ein at det ikkje alltid er kunnskap og danning som ligg i botnen. Etter mi meining er ikkje løysinga å stenge eller sensurere. At kven som helst kan bruke nettet for å formidle og stille spørsmål er ein gode for demokratiet. Vi må ta dei alternative røystene på alvor og heller utfordre med debatt og openheit.

Vi må ta dei alternative røystene på alvor og heller utfordre med debatt og openheit.

Historisk

Vinje skreiv på nynorsk, eller landsmål som det heitte da.

Og eg har kanskje skjønt at det er noko av grunnen til at eg er spurt om å vere med på det her. Eg har brukt hovudmålet mitt også i journalistikken nasjonalt; først i NRK og så i VG.

Som for så vidt er historisk:

10.mars 2017 skreiv min kollega Jostein Matre artikkelen «Endeleg kan verdas tyngste kvinne smila igjen».

Om Eman Ahmed fra Egypt som vog 500 kilo og vart redda av ein fedmeoperasjon.

Ei gladsak for ho, men også for målrøyrsla. Då dette var den første saka på nynorsk i VG nokon sinne. VG har tidlegare hatt enkelte debattinnlegg på nynorsk, og saker om nynorsk på nynorsk. Men det her var første gong det skjedde i ei god tabloid VG-sak.

For Gard Steiro, som tok over som sjefsredaktør same år, var det naturleg å lette på sløret når det gjaldt vår avis sin strenge og, etter mi meining; naive språkpolitikk.

Eg skal vere ærleg å seie at nynorsk aldri har vore ei kampsak for meg, og det sjølv om eg nyleg har funne ut at eg er i slekt med Ivar Aasen.

Ja, eg har til og med slått over til bokmål i enkelte tilfelle. Kanskje spesielt i dei meir formelle samanhengar. Men dei gongane eg har forsøkt å skrive «jeg» heller enn «eg» blir det vanskeleg. Det er då det vert personleg.

Dei gongane eg har forsøkt å skrive «Jeg» heller enn «eg» blir det vanskeleg. Det er då det vert personleg.

Det har aldri vore ein kamp, men likevel har det vore unaturleg å nytte eit anna skriftmål enn det som er mitt hovudmål, det eg har vakse opp med og det som liknar på dialekta mi.

For meg er det heilt logisk at ei nasjonal, folkeleg avis som VG brukar det skriftspråket som om lag ein halv million nordmenn brukar som sitt første skrifmål. Det er ikkje gamaldags, det er raust, liberalt, klokt og moderne.

Nynorsk eignar seg best i journalistikken

Men nynorsk er også ei utfordring. Det krev for eksempel at du må vere tydeleg og konkret, det manglar enkelte ord som finst på bokmål, som tillet deg å vere meir vag eller forfina. Og det gjer nynorsk til eit godt journalistspråk!

Det har eg merka meg når eg for eksmepel skriv om noko som står i offentlege dokument eller det som blir sagt i den politiske debatten. Å formidle dette vidare på nynorsk krevjer at du faktisk forstår innhaldet og kan fortelje og forenkle dette vidare til lesarane.

At nynorsk eignar seg best i journalistikken var også lærdom eg tok med meg frå Nynorsk mediesenter i NRK, då eg gjekk der. Som også var min inngangsport til riksmedia;

Først i politisk avdeling i NRK Nyheiter, seinare i politisk avdeling i VG og no i VGTV.

Mediebransjen kan også vere hard, med sine korte vikariat og store krav. Faste, trygge jobbar er det få av. Dette fryktar eg kan vere demotiverande for dyktige, unge folk vi treng i journalistikken.

Men då er det godt å ha folk som heiar på deg. Og for min del har det vore mange av dei, også dei som heiar på nynorsken og oppfordrar deg til å ta han med vidare til landets største avis.

For det er noko heilt spesielt med målfolket! For aldri har eg fått så mykje hyggeleg tilbakemelding på mail.

For det er noko heilt spesielt med målfolket! For aldri har eg fått så mykje hyggeleg tilbakemelding på mail.

Men du får også tydeleg høyre det om du skeiv feil. Brukar ein a der det helst skulle vere ein e, for eksempel.

Er det ein ting eg saknar, og som eg vart sjokkert over både i NRK og VG, så er det at det ikkje finst korrekturlesarar igjen i media. Og det i ei tid der nyheitene gjerne skal ut før dei har skjedd. Der meiner eg det er ei kampsak, til alle som er oppteken av språk, godt språk.

Eg vart lenge åtvara frå målfolk om at ein kom til å møte stor motstand med nynorsk i riksmedia, frå kollegaer og lesarar. Men her har det vore overraskande lite. Eg opplever heller at fleire kollegaer heiar deg fram og stort sett meiner det er på sin plass med nynorsk. VGTV elskar også dialektar, og brukar det aktivt i vår dekning.

Av mange positive mail frå lesarar som har merka seg nynorsk i VG, har eg berre fått eit fåtal av negative reaksjonar.

Ein kalla det for «grautmål» og ein anna for «hipstermål». Begge deler lever eg godt med! Ifølgje Vinjerock var jo A.O. Vinje Norges første hipster. Noko eg tenkjer målrørsla bør ta med seg til hipsterane på Grünerløkka.

Ta folk på alvor!

Vinje skreiv:

«Journalistiken begynder med den moderne Civilisation; Friheden fostrede og beskyttede den, og i de Lande, hvor der ingen Frihed er, der er heller ingen Journalistik; dens Historie er saaledes de enkelte Folks politiske Frihedshistorie.»

I 511 dagar sat Reuters-journalistane Wa Lone og Kyaw Soe Oo fengsla i Myanmar for å rapportere om drap på Richings-minoriteten i landet. Nyleg vart det set fri, etter internasjonalt press.

I vesten vert varslarar som Edward Snowden og Julian Assange kalla landssvikarar.

Talet på journalistar som vert drep eller kidnappa medan dei utfører sitt yrke i krig og konflikt eller set søkelyset på maktmisbruk, aukar!

Også i Norden opplever journalistar trakassering og trugslar.

Verda endrar seg raskt og polarisering splittar folk.

For å møte dette må mediene og norske journalistar fortsette å utvikle seg, som Vinje gjorde -så må vi tenkje nytt, og ikkje minst; ta folk på alvor!

Det er altså ingen tvil om at det er behov for Vinje-senteret.