NTNU avlyser all utveksling til hausten
NTNU har tidlegare avlyst utveksling utanfor Europa i haust. No er kanselleringa utvida til å gjelde land i Europa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Avgjerda skjer med grunnlag i ansvaret NTNU har for eigne studentar på utveksling, og fordi NTNU set helsa til studentane først, heiter det i universitetets eiga grunngiving.
Fleire av institusjonane som samarbeider med NTNU, har varsla digital undervisning hausten 2020. Det gjer òg at det er vanskeleg for universitetet å føresjå korleis studietilbodet for utvekslingsstudentane vil bli – uavhengig av eventuelle endringar i UDs reiseråd.
NTNU har samtidig opna opp for å søkje om utveksling våren 2021.