«Dei som vert gløymde under Covid-19»

Ida Hauge Dignes, Vigdis Grimsdottir Nielsen og Isak Haukland Tornes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Meiningsinnlegget var først publisert hjå Handikapnytt, og er gjengjeve i ei litt revidert utgåve med løyve frå forfattarane.

Covid-19 råkar oss alle. Men det finst dei som merkar det litt meir. Det finst dei som lett blir gløymde.

Vi snakkar om ei gruppe skuleelevar. Dei elevane som treng behandlingstilbod som fysioterapi, bassengterapi og rideterapi for å ikkje oppleve nevrologiske smerter i kroppen.

Når behandlingstilbodet ein er avhengig av for å fungere i kvardagen ikkje lenger er der, går det hardt utover kroppen. Fleire opplever meir kroniske smerter, og dette går sterkt utover elevane og deira evne til utføre skulearbeidet. Deira utdanning er like viktig som di.

Deira utdanning er like viktig som di

Foreldre må ofte ta over som assistentar når eleven må ha heimeskule. Men det er ikkje våre foreldre som skal ha ansvaret for å assistere oss. I tillegg har mamma og pappa, som veldig mange andre nordmenn akkurat no, også heimekontor.

I grunnskulen og på vidaregåande skule får elevane med assistansebehov som regel ikkje brukarstyrt personleg assistent. Det er skulen som tilset assistenten. Når heimeskule no blir ein realitet for veldig mange elevar, betyr dette også mindre assistanse og tilrettelegging i løpet av skulekvardagen for dei som treng det.

Vidare blir rollefordelinga heime snudd på hovudet, og med dette får ikkje mamma og pappa høve til å berre vere foreldre.

Mangelen på tilrettelegging skaper ein større distanse mellom eleven og deira jamaldra – både på skulen og sosialt. Dette gir følger no, men vil gi det også etter at Covid-19-pandemien har lagt seg.

Funksjonshemma barn og unge kan vere meir einsame og føle på utanforskap enn andre ikkje-funksjonshemma barn og unge. Covid-19 er ikkje berre ei kjelde til smitte, men det er også ei kjelde til endå meir einsemd og utanforskap.

Det er ei kjelde til endå meir einsemd og utanforskap

Det er viktig at vi no er isolerte for å hindre mest mogleg smitte, men det er også viktig å hugse på at det er mange som slit i isolasjon. Ta gjerne ein telefon til dei du veit har det vanskeleg no. Når ting er som verst, er det alltid godt å vite ein har ein ven.

Vi vil rette ei oppmoding til Stortinget og Regjeringa: Gi støtte og styrke til alle, også til funksjonshemma skuleelevar, og deira foreldre som no må kombinere heimekontor med ei assistentrolle.

Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Dagny Sofie Dahl. Foto: Privat