Tre av ti opplever korona-kvardagen som psykisk belastande

Folk som bur åleine eller i husstandar med mange menneske, synest situasjonen under koronakrisa er mest krevjande.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser Norsk koronamonitor, som er oppretta av Opinion. 6.000 nordmenn er spurde.

31 prosent svarer at dei opplever noverande situasjon som belastande. 48 prosent er usamde i dette, medan 21 prosent svarer verken eller.

– Personar som bur heilt åleine, og dessutan personar i husstandar med fire eller fleire personar, slit meir psykisk. Og generelt sett opplever kvinner situasjonen no meir psykisk belastande enn menn. Det er òg slik at den psykiske belastninga er minst like stor for den yngre delen av folket som dei eldre, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion.

– Mange er uroa

Både Mental Helse og Kirkens SOS har merka større pågang dei siste vekene, ifølgje NRK.

– Mange er uroa for eiga helse, for nokon dei står nær, eller for den generelle situasjonen. I tillegg opplever mange som er einsame å bli endå meir isolert, då dei mistar tilbod dei har til vanleg, seier Hilde Stokke Lothe, dagleg leiar for Kirkens SOS i Innlandet, til NRK.

Her kan du få hjelp

I Vestland fylke har dei oppretta støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom, med telefonnummer 51 20 71 21. Studentsamskipnaden på Vestland har også ein støttetelefon/pratelinje der ein kan ringe for å snakke om kva som helst: 908 49 989.

Helsenorge.no har også ei liste over alle hjelpetelefonar og chattetenester som kan hjelpa, uansett kva situasjon du er i. Den finn du her. 

Lurer du på noko om Covid-19 kan du ringe informasjonstelefonen 815 55 015 eller lese på fhi.no

F.v. Emilie Vang, Gaute Wiik, Stian Sørensen og femannskolektivet med Inger-Johanne Jørstad. Foto: Privat