Studentar som mistar jobben blir sikra studielån

Regjeringa utvidar fristen for å søkje studielån slik at studentar som har mista inntektene sine, likevel kan sikre seg gjennom lån og stipend.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke kom første krisepakke frå regjeringa, utan hjelp til studentar. Dette vekte mykje merksemd. No kjem regjeringa med nye tiltak.

Det første er at studentar som har mista inntektene sine, utanom studielån og stipend, har fått utvida frist for å kunne søke om lån og stipend.

Ordninga vil redde studentar som har basert seg på inntekter frå jobbar dei har mista på grunn av permisjonar. Mange av desse studentane har ikkje søkt eller fått lån tidlegare. Studentane kan no søkje om fullt lån, eller eit høgare beløp enn det dei først søkte om. Fristen er sett til 15. april.

Kjem fleire tiltak

Lånekassen jobbar med tekniske løysingar slik at det skal bli mogleg å søkje frå neste veke.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim lovar å komme med fleire tiltak for å hjelpe studentane om kort tid.

NSO-leiar Marte Øien. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold